Opna hovudmenyen

Captain Beefheart

amerikansk songar, poet og komponist

Don Van Vliet (fødd 15. januar 1941 som Don Glen Vliet, daud 17. desember 2010)[2] var ein amerikansk musikar, songar-låtskrivar og artist, mest kjend under scenenamnet Captain Beefheart. Han spelte musikken sin med forskjellige musikarar i eit ensemble han kalla the Magic Band (1965–1982), som han spelte inn 13 studioalbum med. Han er kjend for den kraftfulle røysta og det store stemmeregisteret,[3] Van Vliet spelte òg munnspel, saksofon og fleire andre blåseinstrument. Musikken hans var ei blanding av rock, blues og pskyedelia med avantgarde og moderne eksperimentell komposisjon.[4] Beefheart var òg kjend for ein nesten diktatorisk kontroll over musikarane sine, og skapte ofte myter kring livet sitt.[5]

Captain Beefheart
Captain Beefheart in Toronto.jpg
Ved Convocation Hall i Toronto i 1974
Fødd15. januar 1941
FødestadGlendale
Død17. desember 2010 (69 år)
DødsstadArcata i California i USA.[1]
FødenamnDon Glen Vliet
AliasBloodshot Rollin' Red
OpphavUSA
Aktiv1964–1982
SjangerAvantgarde, psykedelisk rock, bluesrock, frijazz, dialog
InstrumentVokal, munnspel, saksofon, klarinett, obo, valthorn, shehnai, blokkfløyte, fløyte, pikkolo, trompet, perkusjon, gitar, piano
Tilknytte artistarThe Magic Band, Frank Zappa, The Mothers of Invention, Gary Lucas, The Tubes, Jack Nitzsche, Zoot Horn Rollo, Mallard, Jeff Cotton, Rockette Morton, Winged Eel Fingerling, The Mascara Snake, John 'Drumbo' French, Ry Cooder, Eric Drew Feldman, Moris Tepper,
PlateselskapA&M Records
Verka somSongar-låtskrivar, musikar, artist, poet, komponist, forfattar, plateprodusent, filmregissør

Gjennom tenåra i Lancaster i California, utvikla Van Vliet ein vid musikksmak og forma «ein nyttig, men flyktig» venskap med Frank Zappa, som han sporadisk konkurrerte og samarbeidde med.[6] Han byrja å spele som Captain Beefheart i 1964 og fekk med seg den originale Magic Band-besetninga starta av Alexis Snouffer i 1965. Gruppa fekk merksemd med Bo Diddley sin «Diddy Wah Diddy», som vart ein lokal hit. Han vart etterfølgd av det kritikarroste debutalbumet Safe as Milk, som kom i 1967 på Buddah Records. Etter å ha blitt droppa av to plateselskap på rad, signerte dei kontrakt med Zappa sitt Straight Records. Som produsent gav Zappa Beefheart uhemma kunstnarisk fridom til å lage Trout Mask Replica i 1969, som ligg på 58. plass på lista til Rolling Stone frå 2003 over dei 500 beste albuma gjennom tidende.[7] I 1974 var Beefhart frustrert over mangelen på salssuksess og gav ut to album med meir vanleg rock, som fekk dårleg kritikk. Dette, i tillegg til at dei ikkje fekk betalt for ein europeisk turné og etter år med den grove oppførselen til Beefheart, slutta heile bandet hans. Beefheart danna etter kvart eit nytt Magic Band med ei gruppe unge musikarar og vann attende kritikarane med dei tre siste albuma sine, Shiny Beast (Bat Chain Puller) (1978), Doc at the Radar Station (1980) og Ice Cream for Crow (1982).

Van Vliet har blitt skildra som «...ein av dei verkelege nyskaparane innan moderne musikk» med «...eineståande verk som i røynda manglar sidestykke når det kjem til å vere vågal og bestå av flytande kreativitet».[4][8] Sjølv om han hadde lite kommersiell suksess,[9] vart han ein kultartist rekna som «særs viktig» og «uoverskodeleg» når det kom til innverknaden på new wave, punk, post-punk, eksperimentell og alternativ rock.[8][10] Han var kjend for den gåtefulle personlegdomen og forholdet til publikum, og var sjeldan framme i rampelyset etter han trekte seg frå musikkindustrien i 1982. Han fortsette ein karrière innan kunst, særleg biletkunst, og det vart dette som sikra han økonomisk. Dei ekspresjonistiske måleria og teikningane hans gjekk for høge prisar, og har blitt utstilte i kunstgalleri og museum verda over.[4][11][12] Van Vliet døydde i 2010 etter å ha lidd av multippel sklerose i mange år.[13]

DiskografiEndra

KjelderEndra

  1. «Captain Beefheart». Encyclopædia Britannica. 2010. Henta 1. juni 2014. 
  2. «Don Glen Vliet's birth certificate at Beefheart.com». Arkivert frå originalen 2013-01-02. Henta 18. juli 2011. 
  3. Ofte omtalt som fem oktavar (Captain Beefheart. (2010). In Encyclopædia Britannica. Henta 1. juni 2014, from Encyclopædia Britannica Online Library Edition), men rapportar har variert frå tre oktavar til sju og ein halv: «Captain Beefheart: Biography : Rolling Stone». www.rollingstone.com. Henta 28. januar 2010. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Barnes 2000
  5. Barnes, Mike; Paytress, Mark; White III, Jack (mars 2011), «The Black Rider», Mojo (London: Bauermedia) 208: 65–73 
  6. Loder, Kurt. juni 24, 1999. Captain Beefheart: The Man Who Reconstructed Rock & Roll. www.mtv.com.
  7. «58 Trout Mask Replica». Rolling Stone. Henta 1. juni 2014. 
  8. 8,0 8,1 Ankeny, Jason. «Captain Beefheart and the Magic Band». Allmusic. Henta 1. juni 2014. 
  9. Harris, John (august 4, 2006). «Mission: unlistenable». The Guardian (London). Henta 1. juni 2014. 
  10. USA. «Captain Beefheart at the Encyclopædia Britannica». Henta 1. juni 2014. 
  11. «FT.com / UK – Boom times, bad times». www.ft.com. Henta 1. juni 2014. 
  12. McKenna, Kristina (juli 29, 1990). «A Crossover of a Different Color. Los Angeles Times.
  13. www.rollingstone.com. «Captain Beefheart Dead at Age 69». Henta 1. juni 2014. 

BakgrunnsstoffEndra