Samuel Kleinschmidt
Samuel Petrus Kleinschmidt (27. februar 1814–8. februar 1886) var ein tysk herrnhutermisjonær og språkforskar på Grønland.
Samuel Kleinschmidt | |||
| |||
Fødd | 27. februar 1814 Alluitsoq | ||
---|---|---|---|
Død | 8. februar 1886 Ny Herrnhut | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Danmark | ||
Område | språkvitskap, misjonsarbeid, bibelomsetjing | ||
Yrke | lingvist, misjonær |
Liv og virke
endreKleinschmidt var fødd i Alluitsoq på Grønland. Han var son av den tyske misjonæren Konrad Kleinschmidt og den danske kona hans, Christina Petersen. I og med at han var fødd på Grønland med tysk far og dansk mor vart Kleinschmidt trespråkleg.
Samuel Kleinschmidt spelte ei avgjerande rolle for utviklinga av grønlandsk då han publiserte ei grønlandsk–tysk ordbok og ein grammatikk (i 1851) og samtidig utarbeidde ei grønlandsk rettskriving, som vart ståande til 1973. Kleinschmidt sin grammatikk er framleis ei sentral kjelde for arbeidet med grønlandsk grammatikk.
Han laga også den første omsetjinga av Bibelen til grønlandsk. Han vart lærar på seminariet i Nuuk i 1859 etter at fleire konfliktar med kyrkjelyden hans førte til at han fekk avskjed derifrå. Etter at han vart sagt opp, arbeidde Kleinschmidt på Seminariet i Nuuk.
Arbeidet hans var prega av vitskapleg grundigheit og ei open interesse for det grønlandske. Han sa: «Af tilbøjelighed er jeg grønlandsk». Han døydde i Noorliit (Ny Herrnhut) på Grønland i 1886.
I Nuuk er ein skole kalla opp etter han.
Bibliografi
endre- 1968 (1851): Grammatik der grønlændischen Sprache : mit teilweisem Einschluss des Labradordialekts. Hildesheim : Olms, 1968.
- 1858: Nunalerutit, imáipoĸ: silap píssusianik inuinigdlo ilíkarsautínguit (Geografi, det er: Ei lita bok om verda og menneska). nûngme (Godthåb/Nuuk) 1858. 28,-50 8º
- 1871: Den grønlandske ordbog / omarbeidet af Sam. Kleinschmidt ; udgiven paa foranstaltning af Ministeriet for Kirke- og Underviisningsvæsenet og meddet kongelige danske Videnskabernes Selskabs understøttelse ved H.F. Jørgensen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Samuel Kleinschmidt» frå Wikipedia på dansk, den 29. desember 2005.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografi i Dansk biografisk leksikon 1. udgave
- Litteratur
- Wilhjelm, Henrik 2001: “Af tilbøielighed er jeg grønlandsk” : om Samuel Kleinschmidts liv og værk. Det grønlandske selskabs skrifter ; 34. København : Det Grønlandske Selskab, 2001.