Samuel Scheidt (døypt 4. november 1587 i Halle død 24. mars 1654 i Halle) var ein tysk organist og komponist.

Samuel Scheidt

Fødd4. november 1587
FødestadHalle i Sachsen-Anhalt
Død24. mars 1654 (66 år)
DødsstadHalle
OpphavTyskland
PeriodeBarokken
SjangerOrkestermusikk, klavermusikk, kormusikk
InstrumentOrgel
Verka somKomponist og organist

Biografi endre

Han fekk sin første post som hjelpeorganist i Moritzkirche i Halle i 1603, og i åra 1607 til 1609 studerte han hos Jan Pieterszoon Sweelinck i Amsterdam. Sweelinck fekk ein sterk innverknad på stilen til Scheidt.

Etter at han vendte tilbake til Halle i 1609 vart han hofforganist hos erkebiskopen av Magdeburg, markgreve Christian Wilhelm von Brandenburg, og noko seinare kapellmeister for hofforkesteret i Halle. I åra 1614 til 1616 arbeidde han her saman med Michael Praetorius.

I 1624 fekk Scheidt utgjeve Tabulatura nova. Denne samlinga verk for orgel og klavikord er den første trykte musikkutgjevinga i Tyskland for tangentinstrument der det vart nytta partiturnotasjon (dvs. kombinasjon av femlinjes notesystem).

I 1627, 40 år gammal, gifta Scheidt seg med Helena Magdalena Keller. Dei fekk sju barn saman, men berre to overlevde ein pestepidemi i 1636.

Tenesteherren flykta frå troppane til Albrecht von Wallenstein i 1628, og Scheidt vart arbeidslaus. Stillinga Director musices (musikkdirektør) vart då spesielt skapt for han for tre store kyrkjer i Halle by. Scheidt mista denne stillinga i 1630, truleg på grunn av en truande rekatolisering av Halle. Før har ein trudd at det skuldast ein konflikt med gymnasrektor Christian Gueintz.

Scheidt var no privat næringsdrivande («bloßer Privatus») og livnærte seg ved hjelp av ei lang rekke elevar og musikalske høvesoppdrag. Tilslutt mista han heile formuen sin og fekk etter han døydde ei fattiggravferd.

Han høyrte til dei viktigaste komponistane på 1600-talet. Både kvantitativt og kvalitativt gav han vektige bidrag til vokal- og instrumentalmusikken, i det hele mykje breiare enn sine samtidige Heinrich Schütz og Johann Hermann Schein. Mange av hans mest gripande vokalverk, som dei seine Geistliche Konzerte er i dag stort sett ukjente og uoppførte.

Et utval verk endre

  • Cantiones sacrae (1620)
  • Tabulatura nova I-III (1624)
  • Geistliche Konzerte Teil I (1631)
  • Geistliche Konzerte Teil II (1634)
  • Geistliche Konzerte Teil III (1635)
  • Liebliche Kraftblümlein (1635)
  • Geistliche Konzerte Teil IV (1640)
  • LXX Symphonias (1644)
  • Görlitzer Tabulaturbuch (1650)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Notar endre