Johann Hermann Schein
Johann Hermann Schein (fødd 20. januar 1586 i Grünhain i Sachsen, død 19. november 1630 i Leipzig) var ein tysk komponist, kyrkjemusikar, salmebokutgjevar og jurist som arbeidde i Leipzig. Schein var ein av grunnleggjarane av den tyske barokkmusikken, og vart på si tid nemnd i saman med Samuel Scheidt og Heinrich Schütz som «dei tre kjende S'ane». Både Scheidt og Schültz var fødd innanfor same året som Schein.
Johann Hermann Schein | |||
| |||
Fødd | 20. januar 1586 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Grünhain i Tyskland | ||
Død | 19. november 1630 (44 år) | ||
Dødsstad | Leipzig | ||
Opphav | Kurfyrstedømet Sachsen | ||
Periode | Barokken | ||
Sjanger | Kammermusikk, kormusikk | ||
Verka som | Komponist |
Frå 1616 var Schein kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig, og frå den posten hadde han ansvar for vokalmusikken i samtlege kyrkjer i byen, samt at han underviste i musikk. Schein hadde eit eige forlag, der han gav ut sine eigne komposisjonar, som bestod av både kyrkjemusikk som verdsleg musikk og instrumentale verk. Av dei instrumentale formene han nytta seg av finst suitar, som til dømes Banchetto musicale frå 1617. 1623 gav han ut ei samling madrigalar, Israelis Brünlein, i ein stil som var eit resultat av italiensk madrigalkunst blanda med den tyske protestantiske kyrkjemusikktradisjonen.
Verk
endreAv den store korproduksjon hans kan ein nemne Venus Kräntzlein (1609) for fem stemmer, Cymbalum Sionium (1615) for 5–12 stemmer, Tedeum (1618) og Gesangbuch Augspurgischer Confession (1627). Av instrumentalverka hans finn ein Banchetto musicale newer anmutiger Padouanen, Gagliarden, Courenten und Allemanden à 5, auff allerley Instrumenten (1617).
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Johann Hermann Schein» frå Wikipedia på svensk, den 18. juli 2010.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Stora Focus, Esselte Focus 1989
- Nationalencyklopedin
- Schein, Johann Hermann i Nordisk familjebok