San Franciscan Nights
San Franciscan Nights Singel av Eric Burdon and The Animals frå albumet Winds of Change | ||
B-side |
«Good Times» (USA), «Gratefully Dead» (UK) | |
---|---|---|
Utgjeve | 1967 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 3:53 | |
Selskap | MGM | |
Låtskrivar(ar) | Burdon, Briggs, Weider, Jenkins, McCulloch | |
Produsent | Tom Wilson | |
Eric Burdon and The Animals-kronologi | ||
«When I Was Young» (1967) |
San Franciscan Nights | «Good Times» (1967)
|
«San Franciscan Nights» er ein song frå 1967 framført av Eric Burdon and The Animals, med tekst og musikk av Eric Burdon, Vic Briggs, John Weider, Barry Jenkins og Danny McCulloch. Han var ei hyllest til San Francisco og den største hitten den nye inkarnasjonen av Animals hadde. Songen nådde førsteplassen i Canada, niandeplassen i USA og sjuandeplassen i Storbritannia.
Bandet skreiv songen sjølv, og tok eit standpunkt mot Vietnamkrigen. Songen opnar med ein kort parodi av Dragnet-temaet. Dette vert etterfølgd av ein munnleg introduksjon av Burdon «to the city and people of San Francisco, who may not know it but they are beautiful and so is their city,» og Burden bed europearane om å «save up all your bread and fly Trans Love Airways to San Francisco, U.S.A.,» slik at dei kan «forstå songen» og «for the sake of your own peace of mind».
B-sida til den britiske versjonen av singelen var «Gratefully Dead», ein referanse til det musikalske San Francisco-miljøet.
Andre versjonar
endreAndre artistar som har spelt inn eller framført songen er Sfinx, The Mops, Harpo og Vktms.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «San Franciscan Nights» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2011.