Winds of Change av Eric Burdon & The Animals
Winds of Change Studioalbum av Amerikansk Eric Burdon & the Animals | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1967 | |
Innspelt | Mars 1967 i TTG Studios i Los Angeles»[1] | |
Sjanger | psykedelisk rock, pop, hardrock, avantgarde musikk | |
Lengd | 44:29 | |
Selskap | MGM | |
Produsent | Tom Wilson | |
Britisk Eric Burdon & the Animals-kronologi | ||
---|---|---|
Eric Is Here (1967) |
Winds of Change | The Twain Shall Meet (1968)
|
Winds of Change er eit album frå 1967 av Eric Burdon & The Animals.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Det originale bandet, The Animals, vart oppløyst 1966 og dette bandet var ei heilt ny gruppe for songaren Eric Burdon og trommeslagaren Barry Jenkins, som kom med i det originale bandet då John Steel forlet bandet i februar 1966. Med det nye bandet kom gitarist Vic Briggs, bassist Danny McCulloch og fiolinist John Weider inn, og Burdon starta ein overgang frå skitten bluesstil frå det originale bandet til psykedelisk musikk.
Albumet opna med lydar av bølgjer på tittelsporet «Winds of Change». «Poem by the Sea» er eit munnleg stykke av Burdon med ekkoeffektar på instrumenta. «Good Times» og «San Franciscan Nights» var to av dei mest populære songane, som seinare nådde Topp 10 i 1967. Burdon var fan og tilhengjar av Jimi Hendrix og skreiv den femte songen som eit svar til Hendrix sin «Are You Experienced?» frå tidlegare på året.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Eric Burdon, Vic Briggs, John Weider, Barry Jenkins, Danny McCulloch, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Winds of Change» | 4:00 | |
2. | «Poem by the Sea» | 2:15 | |
3. | «Paint It, Black» | Mick Jagger, Keith Richards | 6:00 |
4. | «The Black Plague» | 6:05 | |
5. | «Yes I Am Experienced» | 3:40 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «San Franciscan Nights» | 3:24 |
7. | «Man - Woman» | 5:25 |
8. | «Hotel Hell» | 4:53 |
9. | «Good Times» | 2:50 |
10. | «Anything» | 3:20 |
11. | «It's All Meat» | 2:05 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
12. | «When I Was Young» (Britisk singel A-side) | 2:57 | |
13. | «A Girl Named Sandoz» (Britisk singel B-side) | Eric Burdon, John Weider | 3:03 |
14. | «Good Times» (Singelutgåve) | 2:57 | |
15. | «Ain't That So» (B-side) | 3:24 | |
16. | «San Franciscan Nights» (Singelutgåve) | 3:16 | |
17. | «Gratefully Dead» (B-side) | 3:59 |
Medverkande
endre- Eric Burdon - vokal [3]
- Vic Briggs - gitar, piano, arrangement [3]
- John Weider - gitar, fiolin [3]
- Danny McCulloch - bass[3]
- Barry Jenkins - trommer [3]
- Andre medverkande
- Keith Olsen - spelte bass på somme spor etter at Danny McCulloch braut handleddet[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Winds of Change (Eric Burdon & the Animals album)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: