San Marino i Eurovision Song Contest 2012
San Marino deltok i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan med songen «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)», framført på engelsk og italiensk av Valentina Monetta.
Eurovision Song Contest 2012 | ||
---|---|---|
Land | San Marino | |
Offisielt | San Marino | |
Kringkastar | SMRTV | |
Nasjonal uttaking | ||
Uttaking | Intern | |
Dato(ar) | Artist 14. mars 2012 Song 16. mars 2012 Song 22. mars 2012 | |
Artist(ar) | Valentina Monetta | |
Song | «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» | |
Språk | Engelsk og italiensk | |
Låtskrivar(ar) | Ralph Siegel, Timothy Touchton og Jose Santana Rodriguez | |
Resultat | ||
Semifinalepoeng | 31 | |
Semifinaleplass | 14 | |
Finalepoeng | X | |
Finaleplass | X |
Uttaking
endreArtist
endreDen sanmarinske kringkastaren Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV) stadfesta 14. mars 2012 at Valentina Monetta ville representere San Marino i Eurovision Song Contest 2012 i mai.[1][2]
Song
endreI eit fjernsynsprogram med Valentina Monetta 16. mars 2012 vart «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)» presentert som det sanmarinske bidraget.[3]
Diskvalifikasjon
endreDet vart seinare annonsert at songen bryt regel 1.2.2. (g), som seier:
« | Teksten og/eller framføringa av songen skal ikkje bringe Eurovision Song Contest eller Den europeiske kringkastingsunionen i vanry. Ingen tekstar, talar eller gestar med politisk eller liknande innhald vil verte til tillate under Eurovision Song Contest. Ingen banning eller anna uakseptabel språkbruk vil verte tillate i tekstane eller under framføringa av songane. Alle kommersielle meldingar av alle slag er forbode. Eit brot på denne regelen kan medføre diskvalifikasjon. | » |
Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) stadfesta at San Marino måtte teksten og tittelen til songen eller velje ein ny song før 23. mars.[4]
Ein ny versjon av songen med tittelen «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» vart presentert 22. mars.[5]
I Eurovision
endreSidan berre dei fire store og vertslandet var direktekvalifisert til finalen måtte San Marino kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane.
Semifinalen
endreSenit starta som nummer elleve i den fyrste semifinalen 22. mai 2013. San Marino fekk til saman 31 poeng og enda på 14. plass av totalt 18 bidrag. Kvart land kunne gje maks tolv poeng til ein song, og berre dei ti beste landa gjekk vidare til finalen. Sjølv om landet ikkje gjekk vidare til finalen fekk dei sin beste plassering sidan debuten i 2008.[6]
|
|
Finalen
endre12 poeng | Albania |
10 poeng | Russland |
8 poeng | Moldova |
7 poeng | Italia |
6 poeng | Serbia |
5 poeng | Tyrkia |
4 poeng | Aserbajdsjan |
3 poeng | Sverige |
2 poeng | Malta |
1 poeng | Spania |
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen San Marino in the Eurovision Song Contest 2012 frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar
endre- ↑ «Valentina Monetta rappresenterà San Marino a Baku 2012» (på italiensk). Radiotelevisione della Repubblica di San Marino. Henta 5. januar 2013.
- ↑ «Valentina Monetta to represent San Marino» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 5. januar 2013.
- ↑ «Valentina Monetta to sing "Facebook Uh,Oh,Oh"» (på engelsk). Eurovision.tv. 16. mars 2012. Henta 5. januar 2013.
- ↑ «EBU: San Marino song lyrics in breach of Rules» (på engelsk). Henta 5. januar 2013.
- ↑ «'The Social Network song' for San Marino» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 5. januar 2013.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2012 - Scoreboard» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 5. januar 2013.