Ralph Siegel
Ralph Siegel (fødd 30. september 1945 i München) er ein tysk musikar, låtskrivar og musikkprodusent.
Ralph Siegel | |||
| |||
Fødd | 30. september 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | München | ||
Alias | Peter Elversen | ||
Opphav | Tyskland | ||
Aktiv | 1973– | ||
Verka som | komponist, låtskrivar, musikkprodusent | ||
Mor | Ingeborg Döderlein | ||
Far | Ralph Maria Siegel | ||
Gift med | Laura Siegel | ||
Born | Giulia Siegel | ||
Prisar | Den bayerske fortjenstorden, Verdienstkreuz 1. Klasse des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Paul Lincke-prisen, Goldene Stimmgabel, Echo Pop for livsverk |
Eurovision | ||
---|---|---|
Eurovision Song Contest | ||
Tevla for Luxembourg | ||
04 (F) | 1974 | Låtskrivar |
09 (F) | 1980 | Låtskrivar |
13 (F) | 1985 | Låtskrivar |
Tevla for Vest-Tyskland | ||
15 (F) | 1976 | Låtskrivar |
04 (F) | 1979 | Låtskrivar |
02 (F) | 1980 | Låtskrivar |
02 (F) | 1981 | Låtskrivar |
01 (F) | 1982 | Låtskrivar |
02 (F) | 1987 | Låtskrivar |
14 (F) | 1988 | Låtskrivar |
09 (F) | 1990 | Låtskrivar |
Tevla for Tyskland | ||
16 (F) | 1992 | Låtskrivar |
03 (F) | 1994 | Låtskrivar |
18 (F) | 1997 | Låtskrivar |
03 (F) | 1999 | Låtskrivar |
21 (F) | 2002 | Låtskrivar |
11 (F) | 2003 | Låtskrivar |
Tevla for Sveits | ||
16 (F) | 2006 | Låtskrivar |
Tevla for Montenegro | ||
11 (SF 1) | 2009 | Låtskrivar |
Tevla for San Marino | ||
14 (SF 1) | 2012 | Låtskrivar |
11 (SF 2) | 2013 | Låtskrivar |
10 (SF 1) | 2014 | Låtskrivar |
24 (F) | 2014 | Låtskrivar |
TBA | 2015 | Låtskrivar |
Eurovision
endreEin Lied für Edinburgh
endreSiegel deltok med tre bidrag i Ein Lied für Edinburgh, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1972 i Edinburgh i Storbritannia. Singelen «Meine Liebe will ich dir geben» vart framført på tysk av Edina Pop og enda på ein tredelt sjetteplass med 27 røyster. «Hallelujah Man» vart framført på tysk av Marion Maerz og enda på femteplass med 30 røyster, og «Mein Geschenk an Dich», som vart framført på tysk av Adrian Wolf, enda på tolvte- og sisteplass med 13 røyster.
Eurovision Song Contest 1974
endreRTL Télé Luxembourg valde singelen «Bye Bye I Love You», skriven av Siegel og Michael Kunze, til å representere Luxembourg i Eurovision Song Contest 1974 i Brighton i Storbritannia. Bidraget vart framført på fransk og engelsk av Ireen Sheer, og enda på fjerdeplass med 14 poeng; tre frå Irland, to frå Israel, Jugoslavia og Italia og eitt frå Spania, Hellas, Monaco, Belgia og Vest-Tyskland.[1]
Ein Lied für Stockholm
endreMed singelen «Alles geht vorüber» deltok han i Ein Lied für Stockholm, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1975 i Stockholm i Sverige. Songen, som vart framført på tysk av Peggy March, skreiv han saman med Kurt Hertha. Bidraget enda på andreplass 128 poeng.[2]
Ein Lied für Den Haag
endreSaman med Kurt Hertha skreiv Siegel «Sing Sang Song» som dei deltok med i Ein Lied für Den Haag, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1976 i Haag i Nederland. Singelen vart framført på tysk av Les Humphries Singers, og enda på andreplass med 96 705 røyster. Bidraget som vann vart seinare diskvalifisert og «Sing Sang Song» vart annonsert og promotert som det vesttyske bidraget i Eurovision Song Contest 1976.[3]
Eurovision Song Contest 1976
endreEtter at vinnaren i den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1976 vart diskvalifisert fekk «Sing Sang Song» av Les Humphries Singers, og skriven av Siegel, representere Vest-Tyskland. Landet enda på 15. plass med tolv poeng; tre frå Jugoslavia, to frå Sveits, Luxembourg, Spania og Frankrike og eitt frå Belgia.
Ein Lied für Jerusalem
endreGebrüder Blattschuß og Dschinghis Khan deltok med høvesvis «Ein Blick sagt mehr als jedes Wort» og «Dschinghis Khan» i Ein Lied für Jerusalem, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1979 i Jerusalem i Israel. Båe bidraga vart skriven på tysk av Siegel, den fyrste i samarbeid med Hans Greiner og den andre i samarbeid med Bernd Meinunger.[4] «Ein Blick sagt mehr als jedes Wort» enda på tolveplass, medan «Dschinghis Khan» vann tevlinga.
Eurovision Song Contest 1979
endre«Dschinghis Khan» av Dschinghis Khan representerte Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1979 der bidraget enda på fjerdeplass med 86 poeng; tolv frå Danmark, Monaco, Frankrike og Spania, åtte frå Storbritannia, seks frå Israel og Sverige, fem frå Irland, fire frå Belgia, tre frå Finland, to frå Portugal og Nederland og eitt frå Italia og Luxembourg.
Ein Lied für Den Haag
endreSiegel skreiv to bidrag til Ein Lied für Den Haag, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland. «Pan» av Costa Cordalis skreiv han saman med Kurt Hertha, og «Theater» av Katja Ebstein skreiv han saman med Bernd Meinunger.[5] Båe songane vart framført på tysk, og enda på høvesvis andre- og fyrsteplass i tevlinga.
Eurovision Song Contest 1980
endreSiegel og Meinunger representerte både Tyskland og Luxembourg i Eurovision Song Contest 1980, med høvesvis «Theater» av Katja Ebstein og «Papa Pingouin» av Sophie & Magaly. Det luxembourgske bidraget vart vald internt av RTL Télé Luxembourg. Tyskland enda på andreplass med 128 poeng; tolv frå Italia, Nederland og Spania, ti frå Tyrkia, Marokko, Storbritannia og Frankrike, åtte frå Austerrike og Portugal, sju frå Danmark, Sveits og Belgia, fem frå Sverige og Irland, tre frå Luxembourg og to frå Finland. Luxembourg enda på niandeplass med 56 poeng; åtte frå Storbritannia, Irland og Belgia, sju frå Noreg og Frankrike, seks frå Sverige, fire frå Danmark, tre frå Finland og Spania og eitt frå Austerrike og Tyrkia.
Ein Lied für Dublin
endreTil Ein Lied für Dublin, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1981 i Dublin i Irland, skreiv Seigel to songar saman med Meinunger; «Mannequin» av The Hornettes og «Johnny Blue» av Lena Valaitis, båe framført på tysk.[6] «Mannequin» enda på andreplass med 4 304 poeng, medan «Johnny Blue» vann tevlinga med 5 023 poeng.
Eurovision Song Contest 1981
endre«Johnny Blue» av Lena Valaitis som vann Ein Lied für Dublin representerte Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1981. Landet enda på andreplass med 132 poeng; Tyrkia, Spania, Portugal og Sverige, ti frå Belgia, åtte frå Israel, Danmark, Frankrike og Kypros, sju frå Finland og Storbritannia, seks frå Irland, fem frå Austerrike og Hellas, fire frå Noreg, tre frå Luxembourg og Nederland og to frå Jugoslavia.
Ein Lied für Harrogate
endreSiegel skreiv heile tre bidrag til Ein Lied für Harrogate, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1982 i Harrogate i Storbritannia. «Blue-Jeans-Kinder», framført på engelsk og tysk av Marianne Rosenberg, «Peter Pan», framført på tysk av Paola, og «Ein bißchen Frieden», framført på tysk av Nicole. Dei to sistnemnde skreiv han saman med Meinunger.[7][8][9] «Blue-Jeans-Kinder» enda på åttandeplass med 2 862 røyster, «Peter Pan» enda på andreplass med 4 318 røyster og «Ein bißchen Frieden» vann med 5 116 røyster.
Eurovision Song Contest 1982
endre«Ein bißchen Frieden» var det vesttyske bidraget i Eurovision Song Contest 1982. Bidraget vann tevlinga med 161 poeng; tolv frå Portugal, Tyrkia, Sveits, Kypros, Spania, Danmark, Jugoslavia, Israel og Irland, ti frå Noreg, Finland og Belgia, åtte frå Storbritannia og Sverige, seks frå Nederland og eitt frå Austerrike. Etter sigeren framførte ho songen om att, då på engelsk, fransk, nederlandsk og tysk. Dette var den fyrste og einaste gongen Vest-Tyskland vann tevlinga, og den fyrste av to gonger Tyskland har vunne. Vest-Tyskland fekk 1,61 gonger så mange poeng som andreplassen Israel, som var rekord under dagens poengsystemet fram til Noreg fekk 1,78 gonger så mange poeng som andreplassen Island i 2009.
Ein Lied für Luxemburg
endreSaman med Meinunger skreiv Siegel singelen «Tingel Tangel Mann» til Ein Lied für Luxembourg, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1984 i Luxembourg i Luxembourg.[10] Songen vart framført på tysk av Harmony Four, og enda på tredjeplass med 3 852 røyster.
Ein Lied für Göteborg
endreSiegel skreiv singlane «Die Glocken von Rom» og «Grün, grün, grün» til Ein Lied für Göteborg, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1985 i Göteborg i Sverige.[11][12] Songane vart skriven saman med Meinunger, og framført på tysk av høvesvis Heike Schäfer og Caro Pukke.[11][12] «Grün, grün, grün» enda på fjerdeplass med 3 535 røyster, medan «Die Glocken von Rom» enda på andreplass med 3 597 røyster.
Eurovision Song Contest 1985
endreSingelen «Children, Kinder, Enfants» vart skriven av Siegel, Meinunger og Jean-Michel Beriat for å representere Luxembourg i Eurovision Song Contest 1985. Songen vart vald internt av RTL Télévision, og vart framført på fransk, engelsk og tysk av Margo, Franck Olivier, Diane Solomon, Ireen Sheer, Malcolm & Chris Roberts. Bidraget enda på 13. plass med 37 poeng; ti frå Portugal, åtte frå Austerrike, fem frå Israel, fire frå Frankrike og Noreg, tre frå Vest-Tyskland, to frå Danmark og eitt frå Italia.
Ein Lied für Bergen
endreSiegel skreiv fire songar til Ein Lied für Bergen, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1986 i Bergen i Noreg. Dei fire bidraga var «Telefon», framført av That's Life, «Clowns», framført av Clowns, «Die Engel sind auch nicht mehr das was sie war'n», framført av Chris Heart and Band, og «Wir gehör'n zusammen», framført av Dschinghis Khan. «Telefon» har tekst på tysk og vart skriven saman med Werner Shuler, «Clowns» har tekst på tysk og engelsk og vart skriven saman med Meinunger og Michael Kunze, «Die Engel sind auch nicht mehr das was sie war'n» har tekst på tysk og vart skriven saman med Meinunger og «Wir gehör'n zusammen» har tekst på tysk og vart skriven saman med Meinunger.[13][14][15][16] Bidraga enda på høvesvis tolvteplass med 2 011 røyster, sjetteplass med 3 597 røyster, tredjeplass med 4 027 røyster og andreplass med 4 088 røyster.
Ein Lied für Brüssel
endreTil Ein Lied für Brüssel, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1987 i Brussel i Belgia, skreiv Siegel og Meinunger singlane «Aus», «Frieden für die Teddybären» og «Laß die Sonne in dein Herz».[17][18][19] Alle songane vart framført på tysk av høvesvis Cassy, Maxi & Chris Garden og Wind.[17][18][19] Bidraga enda på høvesvis sjuandeplass med 3 126 røyster, andreplass med 4 370 røyster og fyrsteplass med 4 445 røyster.
Eurovision Song Contest 1987
endreEtter sigeren i Ein Lied für Brüssel fekk Siegel og Meinunger representere Vest-Tyskland med «Laß die Sonne in dein Herz», framført på tysk av Wind, i Eurovision Song Contest 1987. Bidraget enda på andreplass med 141 poeng; tolv frå Island og Danmark, ti frå Austerrike, Belgia, Nederland, Storbritannia og Finland, åtte frå Israel, sju frå Sverige, Irland og Jugoslavia, seks frå Tyrkia, Luxembourg, Frankrike og Kypros, fem frå Portugal, fire frå Italia, tre frå Noreg og eitt frå Spania og Sveits. Vest-Tyskland fekk poeng frå alle landa, bortsett frå Hellas.
Fotnotar
endre- ↑ «Luxembourg 1974» (på engelsk). esc-history.com. Henta 17. mars 2014.
- ↑ «German National Final 1975» (på engelsk). geocities.com. Henta 17. mars 2014.
- ↑ «Archiv von EC-Germany zur deutschen Vorentscheidung 1976» (på tysk). escgermany.de. Henta 17. mars 2014.
- ↑ «Gebrüder Blattschuss – Ein Blick Sagt Mehr Als Jedes Wort» (på engelsk). discogs.com. Henta 18. mai 2014.
- ↑ «Costa Cordalis – Pan» (på engelsk). discogs.com. Henta 18. mai 2014.
- ↑ «Hornettes, The – Mannequin» (på engelsk). discogs.com. Henta 19. mai 2014.
- ↑ «Marianne Rosenberg – Blue-Jeans Kinder / Mein Weg Zu Dir» (på engelsk). discogs.com. Henta 22. mai 2014.
- ↑ «Paola (2) – Peter Pan» (på engelsk). discogs.com. Henta 22. mai 2014.
- ↑ «Nicole (2) – Ein Bißchen Frieden» (på engelsk). discogs.com. Henta 22. mai 2014.
- ↑ «Harmony Four – Tingel Tangel Mann» (på engelsk). discogs.com. Henta 23. mai 2014.
- ↑ 11,0 11,1 «Heike Schäfer – Die Glocken Von Rom» (på engelsk). discogs.com. Henta 23. mai 2014.
- ↑ 12,0 12,1 «Heike Schäfer – Die Glocken Von Rom» (på engelsk). discogs.com. Henta 23. mai 2014.
- ↑ «That's Life – Telefon» (på engelsk). discogs.com. Henta 24. mai 2014.
- ↑ «Dschinghis Khan Family* – Wir Gehör'n Zusammen» (på engelsk). discogs.com. Henta 24. mai 2014.
- ↑ «Clowns – Clowns» (på engelsk). discogs.com. Henta 24. mai 2014.
- ↑ «Chris Heart» (på engelsk). discogs.com. Henta 24. mai 2014.
- ↑ 17,0 17,1 «Cassy* – Aus / Oh Charly» (på engelsk). discogs.com. Henta 25. mai 2014.
- ↑ 18,0 18,1 «Maxi & Chris Garden – Frieden Für Die Teddybären» (på engelsk). discogs.com. Henta 25. mai 2014.
- ↑ 19,0 19,1 «Wind (4) – Lass Die Sonne In Dein Herz» (på engelsk). discogs.com. Henta 25. mai 2014.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ralph Siegel (songwriter)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2012.