The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)

«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)», opphavleg «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)», var det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan, framført på engelsk og italiensk av Valentina Monetta. Songen er skriven av Ralph Siegel, Timothy Touchton og José Santana Rodriguez.

«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)»
Eurovision Song Contest 2012
Land San Marino
Artist(ar) Valentina Monetta
Språk Engelsk og italiensk
Komponist(ar) Ralph Siegel
Låtskrivar(ar) Timothy Touchton og José Santana Rodriguez
Resultat
Semifinalepoeng 31
Semifinaleplass 14
Finalepoeng X
Finaleplass X
San Marino i Eurovision Song Contest
«Stand By»
(2011)
«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» «Crisalide (Vola)»
(2013)

Eurovision Song Contest 2012

endre

San Marino måtte kvalifisere seg til finalen gjennom éin av dei to semifinalane. Landet fekk plass i den fyrste semifinalen 22. mai 2012.

Diskvalifisering

endre

18. mars 2012 vedtok Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) å diskvalifisere «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)» fordi han braut regelen om at ingen bidrag skal innehalde nokon form for reklame, i dette tilfellet for Facebook. 22. mars 2012 valde dei ein ny versjon av songen, «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)», som sitt bidrag i Eurovision Song Contest 2012.

Semifinale 1

endre

Songen starta som nummer elleve, etter Israel med «Time» av Izabo og før Kypros med «La La Love» av Ívi Adámou. San Marino fekk til saman 31 poeng og enda på 14. plass av totalt 18 bidrag. Landet fekk sin beste plassering sidan debuten i 2008, men gjekk ikkje vidare til finalen av di dei ikkje var mellom dei ti beste. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 25 poeng og enda på 13. plass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 48 poeng og enda på 14. plass.

12 poeng 10 poeng 8 poeng 7 poeng 6 poeng

  Albania

  Moldova

5 poeng 4 poeng 3 poeng 2 poeng 1 poeng

  Aserbajdsjan

  Montenegro

  Italia

  Hellas

Mottaking

endre

Songen fekk blanda og negativ mottaking. Ewan Spence, skribent på Forbes.com, skildra det sanmarinske bidraget som «den mest flaue Eurovision-songen på mange år. Komponist Ralph Siegel, som tidlegare har skrive 19 Eurovision-bidrag, skulle visst betre».[1][2]

Kjelder

endre
  1. «"Facebook, Uh, Oh, Oh" Song Ignites The Eurovision Song Contest Community» (på engelsk). Ewan Spence. 16. mars 2012. Henta 8. januar 2013. 
  2. «'Facebook' Eurovision song 'cringe-worthy'» (på engelsk). MSN. 17. mars 2012. Henta 8. januar 2013.