San Pietro di Castello
San Pietro di Castello er ei øy i Venezialagunen som er ein del av bydelen Castello i Venezia. Ho er forbunden til sjølve Venezia via to bruer.


Øya har hatt ei borg sidan minst 500-talet og det er denne borga øya og bydelen er kalla opp etter. På 600-talet vart ho sete for patriarken av Venezia, ein posisjon ho hadde fram til 1807. San Pietro-kyrkja var setet frå 800-talet. Av andre attraksjonar på øya finn ein eit klokketårn og veksthuset Campo San Pietro.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «San Pietro di Castello» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2007.