Francesco Lazzaro Guardi (5. oktober 17121. januar 1793) var ein italiensk målar, fødd og død i Venezia. Han er særleg kjend for sine vedutamåleri i rokokkostil. Giovanni Battista Tiepolo var gift med syster hans.

Francesco Guardi

Pietro Longhi: Portrett av Francesco Guardi, 1764
Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 5. oktober 1712
Venezia
Død

1. januar 1793 (80 år)
Venezia

Yrke kunstmålar, grafikar
Høgd 132 centimeter
Sjanger vedutamaleri, landskapsmåleri
Far Domenico Guardi
Mor Maria Claudia Pichler
Born Giacomo Guardi
Francesco Guardi på Commons

Liv og gjerning endre

 
Bucintoro-festen i Venezia
 
Inngangen til våpendepotet i Venezia

Francesco Guardi var son til den norditalienske barokkmålaren Domenico Guardi (1678-1716) frå Trentino. Sjølv vart han medlem av målarlauget i byen frå 1747. Også sonen hans, Jacopo, lærde seg opp i målarfaget.

Fram til broren Antonio døydde i 1760 arbeidde Francesco i målarverkstaden til familien, der også den yngre broren Nicolò var sysselsett. Til å byrje med måla han fyrst og fremst altarbilete. Som elev og etterfølgjar av Canaletto konsentrerte han seg, etter denne hadde forlate byen, med vedutaer. Han valde oftast dei same motiva, framfor alt venetianske utsikter, som Canaletto rett ofte hadde måla med stor suksess. Bileta hans skil seg frå dei måleria som den eldre Canaletto laga gjennom livlege lys- og skygge-effektar. Målarstilen er mykje friare og meir impulsiv med dels dristig penselføring, ein stil som i bruken av lys og farge synes varsle om den seinare impresjonistiske målarkunsten. Guardi la, i motsetnad til Canaletto, større vekt på dei dekorative effektane og var mindre nøyaktig med dei topografiske attgjevingane.

Guardi fekk oppdrag av private mesenar og frå Venezia-republikken, som til dømes syklusen over dei tolv festane, eit verk som gjekk til dogen Alvise IV Mocenigo. År 1782 dokumenterte Guardi pavebesøket til Pius VI i Venezia i fire store måleri. I høve besøket til det russiske storfyrsteparet i byen, måla han festførestillingane som vart arrangert til ære for paret. Bilete som desse er i dag verdfulle kunsthistoriske vitnemål om liv og kvardag, men også festar i Venezia på 1800-talet.

Etter Guardi finst òg ei stor mengde av sjangermåleri, til dømes eit av møterommet til nonnene i San Zaccaria. Måleriet gjev eit livaktig og fargerikt bilete av motane og skikkane til det venetianske aristokratiet.

Bileta hans har ei klar og harmonisk belysning og utmerkar seg gjennom den stemningsfulle atmosfæren. Fargebruken hans er kraftigare og rikare enn den læraren hans nytta, men mindre detaljert kva gjeld streken. Trass desse ulikskapane vert bileta hans framleis ofte tilskrivne den berømte læremeisteren hans.

Kjelder endre

Wikipedia på engelsk oppgave desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Francesco Guardi