Opna hovudmenyen

Sander Boschker

nederlandsk fotballspelar

Sander Bernard Jozef Boschker (fødd 20. oktober 1970 i Lichtenvoorde i Gelderland) er ein nederlandsk fotballspelar som spelar som keeper for Twente i nederlandsk Eredivisie. Han har òg éin landskamp for Nederland.

Sander Boschker
Sander Boschker.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Sander Bernard Jozef Boschker
Fødd 20. oktober 1970
Fødestad Lichtenvoorde
Høgd 184 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Twente
Nummer 1
Ungdomsklubbar
Nederland SV Longa '30
Nederland Lichtenvoorde
Nederland Twente
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1989-2003
2003-04
2004-
Nederland Twente
Nederland Ajax
Nederland Twente
356 (0)
0 (0)
187 (0)
Landslag
2010- Nederland Nederland 1 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. juli 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 1. juli 2010

Boschker debuterte som proff-fotballspelar i 1989/90-sesongen for Twente. Han vart snart klubben sin førstekeeper, og spelte over 400 offisielle kampar for klubben. 33 år gammal gjekk han over til Ajax i 2003, men vart der reservekeeper for Maarten Stekelenburg. Etter éin sesong, der Ajax vart seriemeistrar, men Boschker ikkje fekk nokon seriekampar, vende han attende til Twente. I 2009/10-sesongen spelte han alle dei 34 seriekampane då Twente vart seriemeistrar i Nederland for første gong nokonsinne.

Etter å ha vorte seriemeister med Twente, vart Boschker teken ut i Nederland sin tropp til fotball-VM i 2010, som tredjekeeper. Han debuterte for landslaget 1. juni 2010 i ein privatlandskamp mot Ghana, der han kom inn som innbytar i pausen og spelte andre omgang. Han vart dermed den eldste spelaren som har landslagsdebutert for Nederland. Han fekk ikkje spela nokon kampar under VM.