Sander Skotheim
Sander Aae Skotheim (fødd 31. mai 2002) er ein norsk friidrettsutøvar som tevlar i mangekamp og enkeltgreinene høgdehopp, lengdehopp og 110 meter hekk. Han vann sølvmedaljen i tikampen under EM i friidrett 2024 i Roma.
Sander Skotheim | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. mai 2002 (23 år) Oslo |
Idrett | friidrett |
Tok del i | U20-EM i friidrett 2021, VM i friidrett 2022 – Tikamp menn, EM i friidrett 2022 – Tikamp menn, EM i friidrett innendørs 2023 – Sjukamp menn, VM i friidrett 2023 – Tikamp menn, VM i friidrett innendørs 2024 – Sjukamp menn, EM i friidrett 2024 – Tikamp menn, Friidrett under Sommer-OL 2024 – Tikamp menn |
Aktiv
endreHan har vunne tre NM-gull i høgdehopp: 2019, 2020, 2022 og eitt i 110 m hekk: 2022. Under noregsmeisterskapen 2022 sprang han også ein etappe for IK Tjalve sitt vinnarlag i 1000 meter stafett. Skotheim la beslag på sjuandeplassen i tikamp under EM i friidrett 2022, året etter han vart andremann i tikampen ved U20-EM. Han presterte personbeste i tikamp ved eit stemne i Grosseto 30. april og 1. mai 2022, sanka 8 298 poeng og sette personleg rekord i lengdehopp med 7,74 meter. Skotheim sette personleg rekord med 2,17 m under tikamp-tevlinga i VM i friidrett 2022. Bestetida 14,43 sekund i 110 m hekk er frå 2020.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sander Aae Skotheim» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2022.
Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |