Sandnes kyrkje i Rogaland
Sandnes kyrkje er ei langkyrkje i teglstein frå 1882 i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Det er den første kyrkja i Sandnes by, som vart skilt ut frå Høyland kommune i 1860. Kyrkja er bygd av teglstein og har 420 sitjeplassar.[1]
Sandnes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Tim Tipple | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Sandnes | ||
Sokn | Sandnes | ||
Fellesråd | Sandnes | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Hartvig Sverdrup Eckhoff | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 6. juli 1882 | ||
• Endringar | Påb. 1949 og 1961, rest. 2011–13 | ||
Tårn | I nordaust | ||
Kor | Polygonalt avslutta | ||
Klokker | 3, Olsen Nauen (1951) | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Ståle Kyllingstad (1951) | ||
Døypefont | Ståle Kyllingstad (1951) | ||
Altartavle | August Eiebakke (1904) e. Adolph Tidemand | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (1971) | ||
Sitjeplassar | 420 | ||
Diverse | Glasmåleri av Olav Ansgar Larsen (1922) | ||
Sandnes kyrkje i Rogaland 58°51′10″N 5°44′00″E / 58.8529°N 5.7334°E | |||
Wikimedia Commons: Sandnes kirke, Sandnes |
Den kyrkja som vart innvigd i 1882, var litt kortare enn i arkitekt Eckhoff sine opphavelege teikningar og tårnet litt lågare.[2] Tårnet vart gjort høgare i 1949, og kyrkja vart utvida i lengden i 1961, då det gamle koret vart rive. Samstundes vart interiøret restaurert. Kyrkja vart òg restaurert i 2011–13.
Altartavla er måla av August Eiebakke i kopi etter Adolph Tidemand sitt altarbilete Oppstoda i Bragernes kyrkje. To vindauge i koret har glasmåleri frå 1922 av Olav Ansgar Larsen. Motiva er frå langfredag og oppstoda. Døypefonten av kleberstein vart laga av Ståle Kyllingstad i 1951. Kyllingstad utsmykka preikestolen same året, og i 1953 fornya han innramminga til hovuddøra.
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Sandnes nye og gamle gravlund[3] er lengre sørvest, vest for fylkesveg 325.
Kjelder
endre- Sandnes kirke, Sandnes på Kyrkjesøk
- Åge Bognø, red. (1982). Sandnes kirke 100 år. Sandnes menighetsråd.
Fotnotar
endre- ↑ Kyrkjesøk
- ↑ Jf. bilete i Digitalt musem.
- ↑ Sandnes kommune
Bakgrunnsstoff
endre- Sandnes kyrkje i Rogaland i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Sandnes kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 429. ISBN 82-75-27022-7.
- Sandnes kyrkjelyd