Sandringham
Sandringham er ein landsby og eit verdsleg sokn i Norfolk i England. Landsbyen ligg cirka to km sør for landsbyen Dersingham, 12 km nord for byen King's Lynn og 60 km nordvest for Norwich.[2]
Sandringham | |||
landsby | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Areal | 41,91 km² | ||
Folketal | 431 (2021)[1] | ||
Sandringham 52°49′39″N 0°30′52″E / 52.827369444444°N 0.51436944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Sandringham, Norfolk |
Det verdslege soknet strekkjer seg vestover frå Sandringham til kysten The Wash, omtrent 6 km unna, og inkluderer òg landsbyane West Newton og Wolferton. Området er 41,91 kvadratkilometer stort. I 2001 hadde det totalt 402 innbyggjarar i 176 hushald. Ved folketeljinga i 2011 hadde folketalet auka til 437.[3]
Sandringham er mest kjent for den kongelege eigedommen Sandringham House der fleire engelske kongelege har feriert, mellom anna dronning Elisabeth II. Det kongelege stutteriet Royal Stud, der mange av dei kongelege hestane held til, ligg i nærleiken.
Prinsesse Diana av Wales vart fødd i Park House på Sandringham-eigedomen i 1961.
Kjende personar frå Sandringham
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- ↑ Ordnance Survey (2002). OS Explorer Map 250 - Norfolk Coast West. ISBN 0-319-21886-4.
- ↑ «Civil parish population 2011». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 29 August 2015.