Opna hovudmenyen

Sandvika stadion er ein fotballarena som ligg på Kadettangen i Sandvika i Bærum kommune, og som tidlegare vart kalla Kadettangen kunstgress. Namnet Kadettangen kjem frå den gongen Krigsskolen brukte området som treningsleir for kadettane sine. Anlegget vert drifta av Bærum Sportsklubb og er ein heilårs kunstgrasbane med ein tilskodarkapasitet på 500. Seta på tribunen vart innkjøpt frå gamle Bislett stadion då denne vart riven i 2004. I tillegg er der òg ein treningsbane i kunstgras, som ligg på den eine kortsida av fotballbanen, eit garderobeanlegg, ein idrettshall og Bærum Sportsklubbs klubbhus. Undervarmen kjem frå kloakk sendt frå Oslo til reinseanlegget VEAS.

Sandvika stadion
Adresse Kadettangen i Sandvika i Bærum kommune
Eigar Bærum Sportsklubb
Brukarar Bærum
Underlag kunstgras
Kapasitet 602

Det nye namnet vart annonsert på Bærum Sportsklubbs 100-års jubileumsfest,[1] og i samband med den første heimekampen for Bærum i 2. divisjon i 2010, var det offisiell omdøyping av stadion.[2]

I samband med at Bærum rykte opp til Adeccoligaen i 2011, vart det frå NFF sett nye krav til stadion. Før seriestart i 2012 vart kunstgraset skifta ut og nye tribunar med sitjeplass til 602 personar[3] oppført.

HistorieEndra

Området Kadettangen vart av Krigsskolen brukt som bivuakkleir om sommaren i åra 1820-1825, og frå 1869 til 1896 til årlege sommarøvingar. Bærum kommune leigde i 1902 området for båtopplag, laste- og losseplass, samt leikeområde. Det vart i 1916 kjøpt opp, etter forslag i 1910 frå sportsklubben Grane, for kr 50 000,-, til bruk som idrettsplass. Grusplassen vart nytta som fotballbane om sommaren og ishockey-/bandybane om vinteren. Rundt plassen vart det lagt løpebaner, til bruk for friidrett på sommaren og skeiseløp på vinteren. Midt på banen stod ei flaggstong som vart flittig nytta som «12-mann på banen». Denne vart etter kvart fjerna, og svartgrusen erstatta med raudgrus. I 2003 vart grusbanen omgjort til ein kunstgrasbane med undervarme og løpebanane fjerna, då IL Tyrving, som hadde delt området med Bærum Sportsklubb, hadde flytta aktivitetane sine til Nadderud stadion. Treningsbanen kom til etter ein donasjon ved testamente av Per Skalleberg, ein æra borgar av kommunen og langvarig medlem av klubben.

Under vinterleikane i Oslo i 1952 vart nokre av ishockeykampane avvikla her.

Sjå ògEndra

KjelderEndra