Nadderud Stadion er ein fotball- og friidrettstadion i Bærum. Nadderud er heimebane for både Stabæks herrelag og kvinnelag. Publikumsrekorden er på 10 000 og vart sett mot Strømsgodset i cupen i 1970. Stadion ligg like ved Bekkestua sentrum, og i 2004 overtok Stabæk Fotball drifta av stadion frå Bærum kommune. Banen vart tidlegare òg brukt til bandy, til dømes vart bandyfinalen 1970 heldt her, dStrømsgodset slo Stabæk 3-1. I vintersesongane 1975/76 – 1979/80 vart det arrangert stemne for hurtigløp på skøyter her.

Nadderud Stadion

Adresse Gamle Ringeriksvei 61
1319 Bekkestua
Eigar Bærum kommune
Drift Stabæk Fotball
Brukarar Stabæk Fotball (fotball)
IL Tyrving (friidrett)
Underlag Gras
Kapasitet 7 000
Historiske årstal
Påbegynt
Opna
1961
Stengd

Stabæks herrelag flytta før 2009-sesongen frå Nadderud til den nyoppførte Telenor ArenaFornebu. Klubben måtte derimot forlate Telenor Arena etter 2011-sesongen, og då vart det avgjort at Stabæk Fotball skulle spele heimekampane sine i 2012 på Nadderud Stadion.

Tribunen "Fornebulandet" der blant anna Stabæk Support står når Stabæks herrelag nyttar stadionet.

Kjelder endre

59°55′16.561″N 10°34′52.345″E / 59.92126694°N 10.58120694°E / 59.92126694; 10.58120694