Sandy av Sandy Denny

Sandy
Studioalbum av Sandy Denny
Utgjeve September 1972
Innspelt November 1971 til mai 1972
Studio Sound Techniques i London og Island Studios i London
Sjanger Folk[1]
Lengd 40:36
Selskap Island (Storbritannia) ILPS 9207
A&M (USA)
Produsent Trevor Lucas
Sandy Denny-kronologi 
The North Star Grassman and the Ravens
(1971)
Sandy Like an Old Fashioned Waltz
(1974)


Singlar frå Sandy
  1. ««Listen, Listen»»
    Utgjeve: Island Records WIP 6142 (1972)

Sandy er det andre soloalbumet til Sandy Denny og vert generelt rekna som hennar beste. Albumet kom ut i 1972 og innspelinga starta berre få veker etter turneen etter debutalbumet hennar, The North Star Grassman and the Ravens, var over tidleg i november 1971.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[2]

Den første songen som vart spelt inn for albumet var «The Quiet Joys of Brotherhood» med tekst av Richard Farina som Denny sette ein tradisjonell irsk melodi, «My Lagan Love», til. Vokalarrangementet hennar på denne songen var inspirert av Ensemble of the Bulgarian Republic. Demoninnspelingar heldt fram i det nybygde Manor Studio i Oxfordshire, det første studioet eigd av plateselskapet til Richard Branson, Virgin. Det var her Denny spelte inn albumet med The Bunch, ei samling av rock and roll-songar kalla Rock On. Samlinga var første gongTrevor Lucas arbeidde som produsent for Island Records og han tok òg denne rolla på Sandy. Lydteknikar på albumet var John Wood.[3] Manor-innspelingane enda med uferdige versjonar av «Sweet Rosemary», «The Lady», «The Music Weaver», «Listen Listen», «For Nobody to Hear» og «Bushes and Briars».[4] To songar vart òg starta men ikkje gjort ferdig, ein coverversjon av visesongaren Anne Briggs, «Go Your Own Way My Love» og Denny sin «After Halloween», som vart omarbeidd tre år seinare for Fairport Convention sitt Rising for the Moon.[5]

Alle songane på albumet vart gjort ferdige i Sound Techniques og Island studio mellom slutten av april og seint i mai, der strykearrangementa av Harry Robinson òg vart lagt til.[4]. I tillegg vart to songar av Denny spelte inn, «It Suits Me Well» og «It'll Take A Long Time», og ein coverversjon «Tomorrow Is a Long Time» av Bob Dylan. Allen Toussaint sitt blåsearrangement på «For Nobody To Hear» vart spelt inn i Deep South Studio i Baton Rouge i Louisiana.

Gjestemusikarar på albumet var mellom anna Fairport Convention-kollegaene Richard Thompson og Dave Swarbrick, samt Sneaky Pete Kleinow (frå Flying Burrito Brothers) på steelgitar og venen og songaren Linda Thompson på korvokal.

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Sandy Denny, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«It'll Take a Long Time» 05:13
2.«Sweet Rosemary» 02:29
3.«For Nobody to Hear» 04:14
4.«Tomorrow Is a Long Time»Bob Dylan03:56
5.«The Quiet Joys of Brotherhood»Tradisjonell musikk, tekst av Richard Fariña04:28
6.«Listen, Listen» 03:58
7.«The Lady» 04:01
8.«Bushes and Briars» 03:53
9.«It Suits Me Well» 05:05
10.«The Music Weaver» 03:19
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Here In Silence»Peter Elford/Don Fraser3:53
12.«Man of Iron»Peter Elford/Don Fraser7:40
13.«Sweet Rosemary» (demo) 3:00
14.«Ecoute, Ecoute» 3:59
15.«It'll Take a Long Time» (live) 5:22

Medverkande

endre

Produksjon

endre

Kjelder

endre
  1. «20 Best Folk Music Albums of All Time». NME. Time Inc. UK. 7. juni 2016. Henta 20. august 2016. 
  2. Allmusic review
  3. John Wood var lydteknikar på alle albuma til Sandy Denny på Island Records bortsett frå Rising for the Moon
  4. 4,0 4,1 Clinton Heylin. No More Sad Refrains - The Life and Times of Sandy Denny. London, Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-35-8 s. 274-5
  5. Ein demoversjon frå Manor Studio vart seinare gjeven ut på Who Knows Where the Time Goes?-boksen i 1985.