The Flying Burrito Brothers

(Omdirigert frå Flying Burrito Brothers)

The Flying Burrito Brothers var ei amerikansk countryrockgruppe som blei skipa i 1968 i California av dei to tidlegare The Byrds-medlemmane Gram Parsons og Chris Hillman.[1]

The Flying Burrito Brothers

OpphavLos Angeles i California
Aktiv1968–1972, 1975–1980, 1985–2001
1977 (som Sierra)
1980–1987 (som The Burrito Brothers)
2002–2009 (som Burrito Deluxe)
2009–2012 (som The Burritos)
2012–no (som The Burrito Brothers)
SjangerCountryrock
Tilknytte artistarInternational Submarine Band, The Byrds, The Desert Rose Band, Swampwater, Firefall, The Eagles, Manassas
PlateselskapA&M, Columbia, Curb
Tidlegare medlemmer

Gruppa spelte ei elektrifisert form av country og var svært stilskapende, både musikalisk og visuelt. Med dei to første albuma sine The Gilded Palace of Sin (1969) og Burrito Deluxe (1970) sette dei standarden for det ein seinare kom til å kalla countryrock.

Det nyskapande i musikken til Burritos Brothers var måten dei kombinerte den kjenslevare intensiteten til countrymusikken med krafta og verkemidla til rocken. I tillegg til Gram Parsons sin song var lydbildet til bandet prega av «Sneaky» Pete Kleinow sin steelgitar og Chris Hillman si koring. Dei andre bandmedlemmane på dei to første albuma var Chris Ethridge (på The Gilded Palace of Sin) og Bernie Leadon og Michael Clarke (på Burrito Deluxe).

Gram Parsons og Chris Hillman skreiv dei fleste songane. Blant dei meste kjende songane er «Christine's Tune», «Sin City», «Juanita», «Hot Burrito #1», «Lazy Days» og «Cody, Cody». I tillegg til eigne komposisjonar spelte dei ein del coverversjonar som blant andre The Rolling Stones sin «Wild Horses» (som Parsons fekk løyve av Keith Richards til å spela inn eit år før Stones sjølv gav han ut på albumet Sticky Fingers) og James Carrs sin «At the Dark End of the Street».

Gruppa fekk aldri noko stort kommersielt gjennombrot, men blei lagt merke til av artistar som Bob Dylan og The Rolling Stones. I tillegg til musikken blei The Flying Burrito Brothers kjend for dei fantastiske scenekostyma sine laga av Nudie Cohn, som tidlegare hadde laga kostyme til stjerner som Elvis Presley og Merle Haggard. Parsons sine kostyme var det mest iaugefallande med broderi av marijuanablad og andre narkotiske plantar.

Parsons forlét gruppa etter at dei gav ut Burrito Deluxe, og dette førte til at kreativiteten til gruppa blei skadelidende. Chris Hillman slutta i gruppa nokre år etter Parsons. Kleinow gjekk ut av grupppa for å bli studiomusika, medan Leadon forlét henne for å grunnleggja The Eagles.[2] Al Perkins og Kenny Wertz erstatta dei på ein siste turné hausten 1971. Gruppa gav ut Last of the Red Hot Burritos, eit konsertalbum frå turneen som blei godt motteke, i mai 1972.[3]

Gruppa blei oppløyst i 1972, men gjenoppretta i 1975 med ny besetning. Gruppa har fortsett fram til i dag med ulike namn. The Flying Burrito Brothers har vore ei stor inspirasjonskjelde for mange alternative country-artistar, som Ryan Adams, Uncle Tupelo, Wilco, Steve Earle og Beachwood Sparks.

Medlemmar

endre

The Flying Burrito Brothers

Gram Parsons-tida

Andre medlemmer

  • Rick Roberts – gitar, vokal (1970–1973)
  • Al Perkins – pedal-steelgitar, gitar (1971)
  • Kenny Wertz – gitar, banjo, vokal (1971–1973)
  • Roger Bush – bass, kontrabass, vokal (1971–1973)
  • Byron Berline – fele (1971–1973)
  • Alan Munde – banjo (1972–1973)
  • Don Beck – pedal-steelgitar, mandolin (1973)
  • Eric Dalton – trommer (1972–1973)
  • Joel Scott Hill – gitar, vokal (1974–1977)
  • Gib Guilbeau – gitar, fele, vokal (1974–1984, 1986–1997)
  • Gene Parsons – trommer, vokal (1974–1976, 1978, 1979)
  • Skip Battin – bass, vokal (1976, 1978–1980, 1984–1986)
  • Thad Maxwell – bass, vokal (1976–1977, 1989)
  • Ed Ponder – trommer (1976, 1978)
  • Mickey McGee – trommer, vokal (1976–1978, 1979–1980)
  • Bobby Cochran – gitar, vokal (1977)
  • Robb Strandlund – gitar, vokal (1978)
  • Greg Harris – gitar, banjo, fele, vokal (1978–1979, 1984–1986, 1994)
  • John Beland – gitar, vokal (1979–1984, 1986–1987, 1989–2000)
  • Jim Goodall – trommer (1984–1989, 1994)
  • David Vaught – bass (1986–1987, 1994)
  • Larry Gadler - bass (1993-1994)
  • Larry Patton – bass, vokal (1989–1990, 1996–2000)
  • Rick Lonow – trommer (1989–1990, 1990–1994)
  • George Grantham – trommer (1990)
  • Gary Kubal – trommer (1990, 1994-2000)
  • Brian Cadd – keyboard, vokal (1991–1996)
  • Wayne Bridge – pedal-steelgitar (1997–2000)

The Burrito Brothers

Noverande

  • Chris James – keyboard, vokal (2010–no)
  • Tony Paoletta – pedal-steelgitar (2013–no)
  • Bob Hatter - gitar, vokal (2017-no)
  • Peter Young – trommer (2015–2016, 2019-no)

Tidlegare

  • Fred James – gitar, vokal (2010–2017)
  • Walter Egan – gitar, vokal (2010–2012)
  • Rusty Russell – bass (2012–2015)
  • Jody Maphis – bass, vokal (2015–2017)
  • Rick Lonow – trommer (2010–2015)
  • John Sturdivant Jr. – trommer (2016–2018)

Burrito Deluxe

  • Carlton Moody – gitar, vokal (2002–2009)
  • Sneaky Pete Kleinow – pedal-steelgitar (2002–2005)
  • Bobby Cochran – gitar, vokal (2002–2004)
  • Willie Watson – gitar, vokal (2002)
  • Tommy Spurlock – bass, vokal (2002)
  • Jeff «Stick» Davis – bass (2002–2006)
  • Rick Lonow – trommer (2002–2005, 2009)
  • Garth Hudson – keyboard (2002–2005)
  • Richard Bell – keyboard (2005–2006)
  • Bryan Ownings – trommer (2005–2007)
  • Supe Granda – bass (2006–2009)
  • Walter Egan – gitar, vokal (2006–2009)





Tidslinje

endre

Diskografi

endre
År Bandnamn Tittel Billboard 200 Selskap
1969 The Flying Burrito Brothers The Gilded Palace of Sin 164 A&M
1970 The Flying Burrito Brothers Burrito Deluxe
1971 The Flying Burrito Brothers The Flying Burrito Bros 176
1975 The Flying Burrito Brothers Flying Again 138 Columbia
1976 The Flying Burrito Brothers Airborne
1977 Sierra Sierra Mercury
1981 The Burrito Brothers Hearts on the Line Curb
1982 The Burrito Brothers Sunset Sundown
1994 The Flying Burrito Brothers Eye of a Hurricane Relix
1997 The Flying Burrito Brothers California Jukebox Icehouse
1999 The Flying Burrito Brothers Sons of the Golden West (aka Honky Tonkin') Arista
2002 Burrito Deluxe Georgia Peach Lamon
2004 Burrito Deluxe The Whole Enchilada Corazong
2007 Burrito Deluxe Disciples of the Truth Luna Chica
2011 The Burritos Sound as Ever Yellow Label
2018 The Burrito Brothers Still Going Strong Junction
2020 The Burrito Brothers The Notorious Burrito Brothers MVD Entertainment Group
— syner til at albumet ikkje gjekk inn på lista.

Kjelder

endre
  1. «The Flying Burrito Brothers: 1967 - 1969». Ebni.com (1998-05-13). Arkivert frå originalen 25. januar 2011. Henta 18. april 2014. 
  2. «American Popular Music: Country - Richard Carlin, with Foreword by Barbara Ching». Books.google.com. ISBN 0-8160-5312-X. Henta 18. april 2014. 
  3. «Robert Christgau: CG: The Flying Burrito Brothers». www.robertchristgau.com. Henta 23 March 2018.