Trevor Lucas
Trevor George Lucas (25. desember 1943–4. februar 1989) var ein australsk folkemusikar som var medlem av Fairport Convention og ein av grunnleggjarane av Fotheringay. Han spelte hovudsakleg gitar og var vokalist, men produserte òg mange album og skreiv filmmusikk mot slutten av karrieren.
Trevor Lucas | |||
| |||
Fødd | 25. desember 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Melbourne | ||
Død | 4. februar 1989 (45 år) | ||
Dødsstad | Sydney | ||
Opphav | Australia | ||
Aktiv | 1961–1989 | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | gitar | ||
Plateselskap | Elektra Records | ||
Verka som | musikkprodusent, musikar, songar-låtskrivar, gitarist |
Biografi
endreLucas var fødd i Melbourne i Australia og lærte seg å spele gitar for å hjelpe seg med dysleksien sin. Han gav ut dei to første platene sine i Australia før han flytte til England i 1965 med den første kona si, Cheryl. Der arbeidde han som soloartist og akkompangerte visesongarar på forskjellige viseklubbar. I 1967 vart Lucas med i bandet Eclection, der mellom andre Gerry Conway var medlem. Her spelte han bass og spelte med dei til dei gav seg i 1969.
Lucas var kjæraste med vokalisten i Fairport Convention, Sandy Denny i 1969 då han spelte på albumet deira Unhalfbricking. Dei to danna bandet Fotheringay etter at Sandy forlet Fairport Convention i 1969. Andre medlemmar i dette bandet var Gerry Conway, Pat Donaldson og Jerry Donahue.[1] Lucas spelte akustisk gitar, men etter berre eitt album vart bandet lagt ned. Jerry Donahue gjorde i 2008 ferdig det andre albumet til Fotheringay, kalla Fotheringay 2.
Lucas hjelpte Fairport Convention på albumet deira Rosie i 1973, då han vart med i bandet i lag med Jerry Donahue.[2] Den 20. september 1973 gifta Trevor og Sandy seg og kort tid etter kom ho med att i Fairport Convention.[3] Seint i 1975 la Fairport ut på ein omfattande turne og kort tid etter forlet Donahue, Lucas og Denny bandet.[4]
I april 1978 fall Sandy Denny ned ei trapp og døydde sidan av hjernebløding. Lucas måtte då ta seg av den nyfødde dottera Georgia aleine. Kort tid etter flytta Lucas attende til Australia med Georgia.[5] Der gifta han seg på ny. I 1980-åra starta Lucas å produsere fleire album og skreiv etter kvart ein del filmmusikk. I 1985 kom han attende til England for å lage eit hyllestalbum til Sandy Denny.
I 1989 døydde Trevor Lucas av hjarteattak.
Diskografi
endreKronologisk oppført:
Produsert av Trevor Lucas: ~
Produsert og framført av Trevor Lucas: ~~
- Forskjellige artistar, The Folk Attick Presents (1963)
- Trevor Lucas, See That My Grave Is Kept Clean (1964)
- Trevor Lucas, Overlander (1966)
- Trevor Lucas, Waltzing Matilda / It's On- (singel) (1966)
- Bert Lloyd's, Leviathan (1967)
- Richard Rodney Bennett, Far From The Madding Crowd (soundtrack) (1967)
- Judy Collins, In My Life (1968)
- Eclection, Eclection (1968)
- Eclection, Nevertheless / Mark Time - (singel) (1968)
- Eclection, Another Time Another Place / Betty Brown - (singel) (1968)
- Eclection, Please / St. George & the Dragon - (singel) (1968)
- Eclection, Please Mk2 / In the Early Days - (singel) (1968)
- Paul McNeill, Traditionally at the Troubadour (1968)
- Fairport Convention, Unhalfbricking (1969)
- Fairport Convention, Si Tu Dois Partir / Genesis Hall - (singel) (1969)
- Fotheringay, Fotheringay (1970)
- Fotheringay, Peace in the End / Winter Winds - (singel) (1970)
- Stefan Grossman, The Ragtime Cowboy Jew (1970)
- Al Stewart, Zero She Flies (1970)
- Forskjellige artistar, Bumpers - (samling) (1970)
- Bronco, Ace of Sunlight (1971)
- Sandy Denny, The North Star Grassman and the Ravens (1971)
- Eclection, Nevertheless / Another Time Another Place - (singel) (1971)
- Marc Ellington, Rains / Reins of Changes (1971)
- Luther Grosvenor, Under Open Skies (1971)
- A.L. Lloyd, Martyn Wyndham-Read, Trevor Lucas, The Great Australian Legend (1971)
- Various Artists, El Pea - (samling) (1971)
- The Bunch, Rock On (1972) ~~
- The Bunch, When Will I Be Loved? / Willie and the Hand Jive - (singel) (1972) ~~
- Gerry Conway, Let There Be Drums - (singel) (1972) ~~
- Fairport Convention, The History of Fairport Convention - (samling) (1972)
- Stefan Grossman, Hot Dogs (1972)
- Sandy Denny, Sandy (1972) ~
- Sandy Denny, Listen, Listen / Tomorrow is a Long Time - (singel) (1972) ~
- Strawbs, Grave New World (1972)
- Sandy Denny, Like an Old Fashioned Waltz (1974) ~~
- Sandy Denny, Whispering Grass / Friends - (singel) (1973) ~~
- Fairport Convention,Rosie (1973) ~~
- Fairport Convention, Rosie / Knights of the Road - (singel) (1973) ~~
- Fairport Convention, Rosie / Fiddlestix - (singel) (1973) ~~
- Fairport Convention, Nine (1973) ~~
- Steve Ashley, Old Rock'n'Roll / Fire & Wine (1974)
- Fairport Convention, The Devil in the Kitchen / Possibly Parsons Green - (singel) (1974) ~~
- Fairport Convention, Live (1974) ~~
- Brian Maxine, Ribbon of Stainless Steel (1974)
- Richard & Linda Thompson, I Want To See the Bright Lights Tonight (1974)
- Fairport Convention, Rising For The Moon (1975)
- Fairport Convention, White Dress / Tears - (singel) (1975)
- Fairport Convention, Tour Sampler - (promosamling) (1975)
- Various Artists, The Electric Muse (1975)
- Various Artists, Island June-July 1975 New Release (1975)
- Eclection, Nevertheless / Please - (singel) (1976)
- Sandy Denny, Rendezvous (1977) ~
- Sandy Denny, Candle in the Wind / Still Waters Run Deep - (singel) (1977) ~
- Richard Thompson, Live! More or Less - (samling) (1977)
- Julie Covington, Julie Covington (1978)
- Julie Covington, I Want To See the Bright Lights Tonight / A Little Bit More - (singel) (1978)
- Richard & Linda Thompson, First Light (1978)
- Richard & Linda Thompson, Don't Let a Thief Steal Into Your Heart / First Light (1978)
- Dave Warner's from the Suburbs, Mug's Game (1978)
- Dave Warner's from the Suburbs, (We Got) Nothing To Lose / African Summer - (singel) (1978)
- The Tourists, 33° South (1979) ~
- 33° South, 33° South / ? (1979) ~
- 33° South, This Time It's Love / ? (1979) ~
- The Bushwackers, Dance Album (1980) ~~
- The Bushwackers, Flying Pieman / Kangaroo Hop - (singel) (1980) ~
- Paul Kelly & The Dots, Billy Baxter / Hard Knocks - (singel) (1980) ~
- The Bushwackers, Faces In The Street (1981) ~~
- The Bushwackers, Les Darcey / Weevils in the Flour - (singel) (1981) ~~
- The Bushwackers, Marijuana Australiana / Ned Kelly's Tunes - (singel) (1981) ~
- Fairport Convention, The Airing Cupboard Tapes (1981)
- Paul Kelly & The Dots, Talk (1981) ~
- Fairport Convention, A Peculiar Old Weekend (video) (1982)
- Goanna Spirit of Place (1982) ~
- Goanna, Solid Rock / Four Weeks Gone - (singel) (1982) ~
- Goanna, Razor's Edge / On the Platform - (singel) (1982) ~
- Fairport Convention, Folk With Poke - (samling) (1983)
- Fairport Convention, A.T. 2 (1983)
- Gordon Franklin & The Wilderness Ensemble (Goanna), Let the Franklin Flow / Franklin River (1983) ~
- Redgum, "I Was Only 19 (A Walk in the Light Green)" / "Yarralumla Wine" - (1983) ~~
- Redgum, Caught in the Act (1983) ~
- Redgum, "Caught in the Act" / "Stewie" / "Lear Jets Over Kulgera" - (1983) ~
- Redgum, "The Long Run (live)" / "Fabulon" - (1983) ~
- Jan Wositzky, A Fruitcake of Australian Stories (1983) ~
- Forskjellige artistar, Into the Past With the Future - (promotional samling)
- Bahloo, Living on an Island (1984) ~~
- Bahloo, Living on an Island / Funky Monkey Mia - (singel) (1984) ~
- Bahloo, Leave It in the Ground / Everyone Is Everyone - (singel) (1984) ~
- John Justin, It's Magic / Only Without You - (singel) (1984) ~
- Goanna, Oceania (1984) ~
- Goanna, Common Ground / Oceania (instrumental) - (singel) (1984) ~
- Fotheringay, Fotheringay 2 (2008)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Trevor Lucas» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Humphries, Patrick (1982). Meet on the Ledge - a history of Fairport Convention. London: Eel Pie. ISBN 0 906008 46 8.
- Reinhard Zierke Arkivert 2012-06-30 ved Wayback Machine.