St. Elms eld

(Omdirigert frå Sankt Elms eld)

Sankt Elms eld (òg corpo santo) er ein svak duskforma elektrisk utladning frå oppstikkande lekamar som fjelltoppar, tårnspir, lynavleiarar og mastetoppar. Han synest i mørket som eit svakt lysande, oppoverretta ljosskinn rundt desse lekamane - ofte saman med ein sprakande lyd for ein som er nær nok. Fenomenet finst når den elektriske feltstyrken, til dømes på grunn av ei nærliggande toresky, er tilstrekkeleg høg.

Sankt Elms eld på eit skip til sjøs

Sankt Elms eld har i folketrua blitt sett som eit forvarsel - i blant om gode ting, i blant om foreståande ulukker. Til sjøs er Sankt Elms eld ganske vanleg frå mastetoppar og metallgjenstandar i riggen, og det finst fleire gamle mytar om opphavet. Ein er at dei napolitanske sjømennene sine vernehelgen Sankt Erasmus, som på fleire andre språk blir kalla Elmo, omkom under ein storm til sjøs og i dødsaugneblinken sin lova at han med ljos skulle leie sjøfarande ut av farlege situasjonar (corpo santo: «kroppen til helgenen»). Ein annan er at Sankt Erasmus i ein storm tende eit ljos som trass uvêret brann med klår flamme. Ein tredje er at helgenen vart redda frå å drukne av ein sjømann, og lova å i framtida åtvare sjøfarande mot dårleg vêr.

Illustrasjon av ulukkesflyet «City of Edinburgh» med Sankt Elms eld ved motorane

I 1982 oppstod Sankt Elms eld på flykroppen då ein Boeing 747 frå British Airways flaug inn i ei sky av vulkansk oske.

Les meir: British Airways Flight 9

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sankt Elms ild