Tokke kommune

kommune i Vestfold og Telemark
(Omdirigert frå Tokke)
«Tokke» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Tokke (fleirtyding).

Tokke kommune er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke. Tokke ligg i enden av Telemarkskanalen, vest i Telemark, og grensar til kommunane Vinje, Kvitseid, Seljord, Fyresdal, Valle og Bykle.

Tokke kommune
kommune
Dalen i Telemark.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Adm.senter Dalen
Areal 984 km²
 - land 907 km²
 - vatn 77 km²
Folketal 2 198 (1. januar 2023)
Målform nynorsk
Ordførar Jarand Felland (Sp)
Kommunenr. 3824
Kart
Tokke
59°25′2″ N 7°58′43″ E
NO 3824 Tokke.svg
Wikimedia Commons: Tokke
Nettstad: www.tokke.kommune.no

Bygda er frå gammalt av eit bjørneområde, og derfor har kommunevåpenet bilete av ein bjørn.

GeografiEndra

Mesteparten av kommunen er fjell. Høgaste punktet i kommunen er Kvannfjell på 1 537 moh. Elva Tokke renn mellom Åmot i Vinje og innsjøen Bandak i Tokke. Andre vatn i kommunen er Borsæ, Botnedalsvatn, Byrtevatn, Folurdvatnet og Skredvatn.

I Eidsborg ligg Vest-Telemark museum der ein mellom anna finn Eidsborg stavkyrkje.

Historie og økonomiEndra

Tokke har lange tradisjonar med eksport av brynestein heilt tilbake til vikingtida.

Det har vore gruvedrift i området sidan 1540, og ho gjekk føre seg i over 400 år. KoparmalmleiaÅmdals Verk vart funnen i 1689, og verket var i drift fram til 1945.

Kommunen har og store vasskraftressursar.

Kjende personar frå Tokke kommuneEndra

Verd å vitjaEndra

KjelderEndra

  1. Kvalshaug, Vidar (26. mai 2020), «Forfatter Arvid Torgeir Lie er død», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 24. juni 2020 

BakgrunnsstoffEndra