Santa Cruz-øyane

10°43′20.442″S 165°55′29.269″E / 10.72234500°S 165.92479694°E / -10.72234500; 165.92479694

Kart over Santa Cruz-øyane

Santa Cruz-øyane er ei øygruppe i Temotu-provinsen i Salomonøyane. Nemninga blir tidvis brukt om heile provinsen, det vil i tillegg seia øyane Anuta, Fatutaka, Taumako, Reef-øyane, Tikopia og Tinakula.

Øyane ligg ca. 40 mil søraust for dei andre øyane i Salomonøyane, og dei er dermed den mest avsidesliggande delen av landet. Dei ligg ein god del nærare Vanuatu og tilhøyrer økologisk den vanuatiske regnskogen.

Nendö er den største øya i øygruppa. Ho har òg vore kjend under namna Santa Cruz, Ndeni, Nitendi og Ndende. Øya er om lag 40 km lang og 22 km brei. Flateinnhaldet er 505,5 km², folketalet noko over 5000. Nendö har to mindre naboøyar, Malo and Nibanga (òg kalla Tömotu Neo and Tömotu Noi).

Lata ligg på nordvestsida av Nendö og er den største byen og provinshovudstad i Temotu. Her er det flysamband blant anna til hovudstaden i landet, Honiara.

Nest største øy er Vanikoro (173 km², folketal 800), som eigenleg er to øyar, Banie og Tevai. Det høgaste punktet på Santa Cruz-øyane ligg på Vanikoro og er 924 meter over havet. Tredje største øy er Utupua (69 km², folketal 300).

Santa Cruz-øyane er geologisk relativt unge, mindre enn fem millionar år. Dei består hovudsakleg av kalkstein og vulkansk oske.

Øyane blei vitja av den andre stillehavsekspedisjonen til Álvaro de Mendaña de Neira i 1595. Mendaña døydde på Nendö i 1596 etter eit mislukka forsøk på å danna ein koloni på øya.

Kjelder endre