Vanuatu

land i Oseania

Vanuatu er eit land som ligg i den sørlege delen av Stillehavet. Vanuatu består av ei rekkje mindre øyar som ligg ca. 1 750 km aust for Australia, 500 km nordaust for Ny-Caledonia, vest for Fiji og sør for Salomonøyane. Koloninamnet var Ny-Hebridane. Dette namnet er ikkje lenger i bruk unnateke til historisk bruk.

Ripablik blong Vanuatu
Republic of Vanuatu
République du Vanuatu

(norsk: Vanuatu, vanuatisk)

Det vanuatiske flagget Det vanuatiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Yumi, Yumi, Yumi»
Motto Long God Yumi Stanap ('Vi står ved Gud')
Geografisk plassering av Vanuatu
Offisielle språk Bislama, engelsk og fransk
Hovudstad Port Vila
Styresett
Republikk
Baldwin Lonsdale
Joe Natuman
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
12 189 km² (159.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
282 814 (177.)
23,2 /km² (157.)
Sjølvstende
Frå Frankrike og Storbritannia
30. juli 1980
Nasjonaldag 30. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
676 mill. USD (187.)
2 800 USD (163.)
Valuta Vatu
Tidssone UTC +11
Telefonkode +678
Toppnivådomene .vu


Provinsar

endre

Vanuatu består av 6 provinsar:

Geografi

endre

Vanuatu består av over 83 øyar. To av desse - Matthew- og Hunterøyane - vert gjort krav på av den franske oversjøiske staten Ny-Caledonia. Dei fleste av øyane er fjellaktige og vulkanske av opphav. Den største byen i landet er hovudstaden Port Vila.

Klima

endre

Vanuatu har eit tropisk maritimt klima som er moderert av søraustpassaten i perioden mai-oktober. Resten av året er vindretningane variable, og det er mange tyfonar frå november til april. Årsnedbøren varierer frå 2300 mm i sør til ca. 4000 mm i nord. Middeltemperaturen i hovudstaden Vila er 22 °C i august og 27 °C i februar.

Fakta

endre

Bakgrunnsstoff

endre
 
Kart over Vanuatu