Ein sappør (frå fransk sapeur) var opphavleg ein soldat med oppgåver i kringsetjingsstrid. Sappørane grov skyttergraver og løpegraver framover mot motstandaren sin befestninger. Dermed kunne eigne troppar rykka nær opp mot fienden under dekke i løpegravene. Til eige vern kunne sappørane ha eige kroppspanser og tung hjelm. Når ein kom så nær at løpegravene ikkje gav tilstrekkeleg dekning, overtok minørane.

Amerikanske sappørar grev skyttargrav

Nemninga er i nyare tid brukt om ingeniørsoldatar, særleg som mineryddarar.[1] Det norske forsvaret nyttar nemninga stormingeniør (STING).[2]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. https://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/handle/11250/300609/Olsen%2C%20Tore%202015-04-07%20%28U%29.pdf?sequence=1
  2. https://vgd.no/samfunn/forsvar/tema/1462821/tittel/ingenioerbataljonen