Saqqaq (grønlandsk for 'Solsida', før 1973 stava Sarqaq) er ei bygd på Vest-Grønland. Ho ligg omlag 100 km nordafor Ilulissat på sørsida av Nuussuaq-halvøya ut mot Vaigat. Bygda hadde i 2011 omlag 173 innbyggjarar, og er ein del av Avannaata kommune.

Saqqaq
bygd
Land  Grønland
Kommune Avannaata kommune
Koordinatar 70°00′35″N 51°56′45″W / 70.00972°N 51.94583°W / 70.00972; -51.94583
Areal 1,77 km²
Folketal 132 (1. januar 2020)[1]
Postnummer 3952 Ilulissat
Kart
Saqqaq
70°01′00″N 51°57′00″W / 70.016666666667°N 51.95°W / 70.016666666667; -51.95
Wikimedia Commons: Saqqaq

Dei viktigaste inntektskjeldene er fiskeri av blåkveite og turisme.

Historie endre

Arkeologiske utgravingar vest for bygda har vist spor etter Saqqaq-kulturen, oppkalla etter bygda Saqqaq. Vest for bygda har det vorte gjort mange arkeologiske funn. Saqqaq-kulturen eksisterte frå omkring 2500 f.Kr. til 800 f.Kr. primært i det sørlege Grønland.

Bygda Saqqaq vart grunnlagt i 1755 under namnet Ritenbenk. Ritenbenk vart i 1781 flytta til øya Appat 70 km nordafor Ilulissat, og har vore uten permanent busetnad siden 1960. Nokre bygningar vert no brukt som leirskole.

Turisme endre

Der er ein omlag fem timars ferjetur frå Ilulissat, og helikopter to gangar om veka om vinteren.

Hannibal Fencker var styrar i Saqqaq frå 1942 til 1970. Saman med kona Amalie kjøpte han pastor Christian Rosings hus, som han flytta frå Ilulissat til Saqqaq. Hagen til Hannibal og Amalie hadde mange blomar og sjølv subtropiske plantar som dadlar og sitronar lukkast det dei å få til å veksa i drivhus. Fencker mottok Det Kongelege Gartneriet Societys sølvmedalje i 1973 for framifrå hagearbeid. Huset vert no brukt til innkvartering av turistar.

Bygda er kjend frå filmane Hvor Bjergene sejler frå 1955, som var den første fargefilmen om Grønland og Qivitoq (Fjeldgængeren) frå 1956 med Poul Reichhardt i hovudrolla.

Kjelder endre

  1. 1,000 1,001 1,002 1,003 1,004 1,005 1,006 1,007 1,008 1,009 1,010 1,011 1,012 1,013 1,014 1,015 1,016 1,017 1,018 1,019 1,020 1,021 1,022 1,023 1,024 1,025 1,026 1,027 1,028 1,029 1,030 1,031 1,032 1,033 1,034 1,035 1,036 1,037 1,038 1,039 1,040 1,041 1,042 1,043 1,044 1,045 1,046 1,047 1,048 1,049 1,050 1,051 1,052 1,053 1,054 1,055 1,056 1,057 1,058 1,059 1,060 1,061 1,062 1,063 1,064 1,065 1,066 1,067 1,068 1,069 1,070 1,071 1,072 1,073 1,074 1,075 1,076 1,077 1,078 1,079 1,080 1,081 1,082 1,083 1,084 1,085 1,086 1,087 1,088 1,089 1,090 1,091 1,092 1,093 1,094 1,095 1,096 1,097 1,098 1,099 1,100 1,101 1,102 1,103 1,104 1,105 1,106 1,107 1,108 1,109 1,110 1,111 1,112 1,113 1,114 1,115 1,116 1,117 1,118 1,119 1,120 1,121 1,122 1,123 1,124 1,125 1,126 1,127 1,128 1,129 http://bank.stat.gl/pxweb/en/Greenland/Greenland__BE__BE01__BE0120/BEXST4.PX/?rxid=6ca430db-8cff-4915-aad6-82f4013ce159; vitjingsdato: 12. februar 2020.