Blåkveite

fiskeart
Blåkveite
Blåkveite
Blåkveite
Status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Flyndrefisk Pleuronectiformes
Underorden: Pleuronectoidei
Familie: Flyndrefamilien Pleuronectidae
Underfamilie: Hippoglossinae
Slekt: Reinhardtius
Art: Blåkveite R. hippoglossoides
Vitskapleg namn
Reinhardtius hippoglossoides

Blåkveite er ein halvvegs pelagisk kveitefisk som lever på djupt vatn i nordlege havområde.

Utsjånad endre

Blåkveita er ein avlang flyndrefisk med stor munn og kraftige kvasse tenner. Fargen kan variere. Sjølv blindsida (venstre sida) er pigmentert. Venstre auga har ikkje heilt flytta over til augesida, men sit midt i ryggen. Makslengden er 120 cm, og største vekt 20 kg. Hannen går likevel sjeldan over 80 cm og 8 kg, hoa sjeldan over 100 cm og 20 kg.

Vanar endre

Til skilnad frå dei fleste andre flyndrefiskar er blåkveita ein semipelagisk fisk, som ofte sym på høgkant. Den pigmenterte blindsida og augene si plassering reknast som ei tilpassning til dette. Arten trivst i djupt, kaldt vatn, mellan -1 °C og 4 °C samt ned til 2000 m; oftast held fiskane seg kring 500–1000 m. Føda består av fisk, krepsdyr og ulike botndyr. Også blekksprutar vert tekne. Største noterte alder er 30 år.

Forplanting endre

Viktigaste gyteområde for nordaustarktisk blåkveite er eggakanten mellom Vesterålen og Spitsbergen Hannane vert kjønnsmogne 7-8 år gamle, hoene når dei er 9-11 år. Hovudgytinga er om hausten og vinteren. Då kan hoa legge opp til 50 000 pelagiske egg på 600–1200 m djupn. Egg og larvar lever pelagisk, og vert transportert med straumen til Svalbard og Frans Josefs land.[1]

Utbreiing endre

Fisken lever i hava på den nordlege halvkula. I Atlanterhavet finst arten frå Canada og New Jersey i USA til Grønland, Spitsbergen og langs kysten av Noreg til Barentshavet og sørover til Irland. I det nordlege Stillehavet finst fisken frå Japanhavet til Alaska og sørover til Baja California i Mexico. Det er ulike bestandar av båkveite. Individ i det nordaustlege havområdet, frå Haltenbanken og nordover rundt Svalbard, er genetisk ulike individ som lever ved Færøyane, Grønland og Canada.

Kommersiell bruk endre

Ein skatta matfisk som for det meste vert teken med botntrål og line. Minstemål for blåkveite er 45 cm. Særleg i det grønlandske fiskeriet har han stor verdi. Den nordaustarktisk blåkveitebestanden var sterkt nedfiska på 1970 talet, og kvoteregulering vart innført i 1977. Ho varde til 2010. For 2023 er anbefalt kvote 18 494 tonn.[1]

Kjelder endre

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 «Tema: Nordøstarktisk blåkveite». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 26. oktober 2022. Henta 1. april 2023. 

Bakgrunnsstoff endre