Opna hovudmenyen

Sara Kolak (fødd 22. juni 1995) er ein kroatisk friidrettsutøvar frå Ludbreg i Varaždin fylke i Kroatia. Ho vart olympisk meister i spjutkasting i 2016.

Sara Kolak
Sara Kolak.jpg
Fødd 22. juni 1995
Ludbreg
Yrke friidrettsutøvar
Sara Kolak på Commons

Kolak sette kroatisk rekord på 63,50 meter då ho sikra seg bronsemedaljen ved EM i friidrett 2016 i Amsterdam. Ein månad seinare forbetra ho rekorden til 64,30 m i kvalifiseringa til spjutfinalen under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro. Halvvegs i OL-finalen låg ho på tredjeplass, men i fjerde omgang auka ho til 66,18 m, noko som skulle vise seg å halde til ein overraskande siger i tevlinga.

KjelderEndra