Sargodha er ein by i Panjab i Pakistan. Han har kring 455 400 innbyggjarar (1998).[1] Sargodha er den 11. største byen i Pakistan,[2] og ein av dei som veks raskast.[3]

Sargodha
سرگودها
by
Biblioteket ved Universitetet i Sargodha
Land  Pakistan
Region Panjab
Areal 155 km²
Folketal 455 400  (1998[1])
Kart
Sargodha
32°05′01″N 72°40′16″E / 32.083611111111°N 72.671111111111°E / 32.083611111111; 72.671111111111
Wikimedia Commons: Sargodha

Sargodha ligg om lag 20 mil nordvest for Lahore.[1] Elva Jhelum renn vest og sør for Sargodha, medan Chenab renn aust for byen. [4]

Staden har vore folkesett i lang tid, men den noverande byen blei grunnlagd av dei britiske kolonistyresmaktene i 1903.[5] Han er ein av ein handfull planlagde byar i Pakistan.[6]

Byen er eit samferdselsknutepunkt og ein handelsby i eit større jordbruksområde. Det finst også industri her med grunnlag i jordbruket, som handsaming av sukker, korn, olje og tekstilar.[1]

Sargodha har eit universitet.[1] skipa i 2002, og fleire høgskular. Det ligg ein militær flybase her, PAF Base Mushaf, som er den største i landet. Basen blei opphavleg skipa av britiske Royal Air Force på grunn av den strategiske plasseringa.[7] Den sentrale luftkommandoen til det pakistanske luftforsvaret har hovudkvarter her. Basen har også skule for kamppilotar.[6]

Kjelder endre