Sarrebourg
Sarrebourg (tysk Saarburg) er ein liten by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Moselle i regionen Grand Est, og har om lag 13 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Sarre.
Sarrebourg | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Grand Est | ||
Departement | Moselle | ||
Areal | 16,4 km² | ||
Folketal | 12 274 (1. januar 2022) | ||
![]() Sarrebourg 48°44′05″N 7°03′14″E / 48.734722222222°N 7.0538888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Sarrebourg |
Historie
endreByen vart grunnlagd som ein romersk stasjon for 2000 år sidan langs vegen mellom Reims og Strasbourg ved ein vadestad i elva Sarre. Med ein slik strategisk viktig plassering utvikla byen seg til eit kommersielt senter.
På midten av 200-talet invaderte germanarar den romerske provinsen ved Rhinen, og dei første festningsverka vart bygd. I åra 259/260 fall den romerske grensa. Frankarar busette seg så i området, og då dei merovingiske kongane styrte området var byen framleis eit viktig senter, men under det karolingiske styret vart byen knapt nemnd.
Sarrebourg vart verna av biskopen i Metz fram til Henrik Fuglefangar annekterte Lorriane til Austfrankarriket. Sarrebourg vart så eit len under biskopane av Metz. I 1240 vart festningsverka i byen utvida, og byen blømde økonomisk fram til 1300-talet. Produksjon av glas og kermaikk stod for mykje av denne veksten.
Forholdet til Metz vart derimot dårleg, og Sarrebourg bad om å få vern av hertugen i Lorraine. Under trettiårskrigen vart byen lagd aude, og pest og svolt følgde i åra etter. Dette førte til at Leopold, hertug av Lorraine til slutt inviterte immigrantar frå Tyrol, Sveits og Italia til Lorraine.
Med Freden i Vincennes i 1661 vart Sarrebourg ein del av Frankrike, og høyrde no til ei landstripe som knytte Frankrike til Alsace, og som delte Lorraine i to. Den øydelagde byen vart bygd opp att.
Frå 1871 til 1919 høyrte Sarrebourg til Tyskland, og vart igjen teke av Tyskland under den andre verdskrigen. I dag er Sarrebourg igjen eit blømande kommersielt senter med industri som baserer seg på metall, trykkeri, skoproduksjon og jordbruksprodukt.