Sasa (hebraisk skrift סָאסָא) er ein kibbutz i Øvre Galilea nord i Israel. Han ligg kring 1,5 km frå grensa til Libanon, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.

Sasa
kibbutz
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°1′36.83″N 35°23′40.2″E / 33.0268972°N 35.394500°E / 33.0268972; 35.394500
Areal 4,22 km²
Folketal 398 (2016)
Grunnlagd Januar 1949
 •  Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Sasa i Israel
33°01′37″N 35°23′40″E / 33.026897222222°N 35.3945°E / 33.026897222222; 35.3945
Wikimedia Commons: Sasa (kibbutz)
Nettstad: www.sasa.org.il

Historie

endre

Kibbutzen vart grunnlagd i januar 1949 av ein gar'in nordamerikanske Hashomer Hatzair-medlemmar på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Sa'sa'.[1] Sa'sa' vart øydelagd av israelske brigadar den 30. oktober 1948. Sa'sa' overgav seg utan motstand og det kom seinare påståandar om israelske hardferder etter overgjevinga.[2] Mange av dei opphavlege innbyggjarane i Sa'sa bur i dag i Nahr al-Bared, ein palestinsk flyktningleir i Libanon,[3], medan andre har busett seg i den nærliggande Jish.

På området til kibbutzen skal den påståtte grava til rabbien Levi ben Sisi ligge, som i røynda døydde langt borte i Babylon på første halvdelen av 200-talet.[4]

Kjelder

endre