Nahr al-Bared
- Denne artikkelen handlar om landsbyen i Syria. For flyktningleiren, sjå Nahr al-Bared.
Nahr al-Bared (arabisk نهر البارد) er ein landsby nordvest i Syria i Hama guvernement, nordvest for Hama. Han ligg på al-Ghabsletta i al-Suqaylabiyah-distriktet. Av stader i nærleiken finn ein Tell Salhab i sør, al-Asharinah i aust, Hawrat Ammorin og al-Suqaylabiyah i nord og al-Mazhal og Ayn al-Kurum i nordvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Nahr al-Bared eit folketal på 4 016 i 2004.[1]
Nahr al-Bared | |||
نهر البارد | |||
landsby | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hama | ||
Distrikt | Al-Suqaylabiyah | ||
Nahiyah | Tell Salhab | ||
Koordinatar | 35°17′N 36°20′E / 35.283°N 36.333°E | ||
Folketal | 4 016 (2004)[1] | ||
Nahr al-Bared 35°17′00″N 36°20′00″E / 35.283333333333°N 36.333333333333°E | |||
Kart som viser Nahr al-Bared.
|
Landskap
endreSjølv om landsbyen vert rekna som moderne, er det fleire gamle ruinar i området. Landsbyen ligg ved ei elv og får regelmessig snø om vinteren.
Byggverk
endreNahr al-Bared har tre hotell, Sahara Hotel, Abo Allosh og Abo Maher. Her finst òg tre moskéar, kalla al-Sheikh Abd al-Hadi Haidar, al-Sheikh Soliman Moaala og Ali Naser. Landsbyen har ein stor restaurant og ein bensinstasjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nahr al-Bared» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)