Sassuolo

kommune i Italia

Sassuolo er ein by og ein kommune i provinsen Modena i regionen Emilia-Romagna i Italia. Kommunen har 40 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 38,6 km². Sassuolo ligg ved elva Secchia, 16 kilometer sørvest for provinshovudstaden Modena og 121 meter over havet.

Tegl frå Sassuolo

Byen Sassuolo er kjend frå 980. Frå 1373 til samlinga av Italia i 1861 rådde fyrsteslekta Este over byen. I dag er staden ein industriby. På 1950-talet voks Sassuolo til å verte hovudstaden for produksjon av tegl i Italia. Med meir enn 300 keramikk-verkstader framstiller Sassuolo i kring 4/5 av all keramikk i Italia.

KjelderEndra