Modena

kommune i Italia

Modena er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Modena i regionen Emilia-Romagna og har om lag 180 000 innbyggjarar. Han ligg på sørsida av Posletta.

Modena
Piazza Grande i Modena
Piazza Grande i Modena
Piazza Grande i Modena
Plassering
Modena is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Modena
Borgarmeister Giorgio Pighi
Geografi
Flatevidd
 - By

182 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

180 638
  989/km²
Koordinatar 44°39′″N 10°56′″EKoordinatar: 44°39′″N 10°56′″E
Høgd over havet 34 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 41100
Telefon-retningsnummer 059

Byen er kanskje mest kjend som «sportsbilhovudstaden» sidan fabrikkane til dei kjende sportsbilane i Italia, Ferrari, Bugatti, De Tomaso, Lamborghini, Pagani og Maserati alle ligg her. Alle bortsett frå Lamborghini har hovudkvarter i eller nær byen. Lamborghini sitt hovudkvarter ligg ikkje langt unna i den vesle landsbyen Sant'Agata Bolognese i provinsen Bologna.

Universitetet i Modena, grunnlagd i 1175 og utvida av Francesco II d'Este i 1686, har tradisjonelt vore eit senter for utdanning innan medisin og jus. Italienske offiserar vert utdanna ved italienske militærakademiet i Modena, som delvis ligg i hertugpalasset frå barokken. Biblioteca Estense har mange historiske bøker og tre tusen manuskript.

Modena er kjend for produksjonen av balsamicoeddik.

Av kjende personar frå Modena finn ein Maria av Modena, dronning Mary av England; operatenoren Luciano Pavarotti (1935-2007) og sopranen Mirella Freni, vatikaneksorsiten Gabriele Amorth og musikaren Vasco Rossi.

Geografi endre

Modena ligg på Posletta og grensar til dei to elvane Secchia og Panaro, som begge er sideelvar til Po. Fontena «Dei to elvane» av Giuseppe Graziosi i sentrum av byen symboliserer desse to elvane. Byen er forbunde til Panaro av Navigliokanalen.

Foten av Appenninane ligg om lag 10 km sør for byen.

I følgje Köppen si klimaklassifisering har Modena vanlegvis eit fuktig subtropisk klima (Cfa) med varme og fuktige somrar med lite nedbør, og kalde, fuktige vintrar.

Historie endre

Antikken endre

Området rundt Modena var busett av villanovarar i jernalderen og seinare av liguriske stammer, etruskarar og dei galliske boiane. Ein veit ikkje heilt når byen vart grunnlagd, men han eksisterte på 200-talet fvt., for i 218 fvt., under Hannibal sin invasjon av Italia, gjorde boiane opprør og la ei omleiring rundt byen. Livius skildrar byen som ei festning der romarane søkte tilflukt. Ein veit ikkje utfallet av omleiringa, men byen vart truleg forlaten etter Hannibal kom hit. Byen vart gjenoppretta som den romerske kolonien Mutina i 183 fvt. for å nyttast som militærbase av Marcus Aemilius Lepidus. Byen vart så plyndra av ligurane i 177 fvt. Han vart igjen gjenoppbygd og raskt ein av dei viktigaste byane i Gallia Cisalpina, både på grunn av den strategiske plasseringa og fordi han låg ved knutepunktet til Via Aemilia og vegen til Verona.

I det 1. hundreåret fvt. vart Mutina omleira to gonger. Den første omleiringa var av Pompeius i 78 fvt., då Mutina vart forsvart av Marcus Junius Brutus (far til personen med same namn som tok livet av Cæsar). Byen vart til slutt utsvelt og overgav seg. Brutus flykta men vart myrda i Regium Lepidi. I borgarkrigen etter Cæsar døydde vart byen omleire på ny, denne gongen av Marcus Antonius i 44 fvt., og forsvart av Decimus Junius Brutus. Augustus frigav byen med hjelp av Senatet.

Fram til 200-talet evt. hadde byen status som den viktigaste byen i det nyoppretta Aemilia, men då Romarriket fall, gjekk det òg nedover med Mutina, sidan han vart nytta som militærbase både mot barbarane og i borgarkrigane. Det vart sagt at Mutina aldri vart plyndra av Attila fordi ei tjukk tåke gøymde byen (eit mirakel som visstnok St. Geminianus var skuld i, han var biskop og i dag vernehelgen for Modena), men vart til slutt råka av flaum på 600-talet og forlaten.

 
Austsida av den romanske Duomo med tårnet Ghirlandina

Mellomalderen endre

Innbyggjarnae frå Modena grunnla ein ny by nokre kilometer lenger nordvest, som i dag er landsbyen Cittanova. Mot slutten av 800-talet vart Modena gjenoppretta og nye festningsverk vart bygd av biskopen Ludovicus. Seinare vart byen ein del av grevinne Matilda av Toscana sin eigedom og vart ein fri kommune frå byrjinga av 1100-talet. I krigane mellom keisar Fredrik II og pave Gregorius IX tok Modena keisaren si side.

Este-familien vart herrar over Modena frå 1288 (Obizzo d'Este). Etter Obizzo sin etterfølgjar (Azzo VIII i 1308) tok byen igjen over styringa på eiga hand, men i 1336 hadde Este-familien styringa igjen. Under Borso d'Este vart Modena eit hertugdøme.

Moderne tider endre

Byen vart utbygd med fleire bustadar og festningsverk av Ercole II og han vart hertugen sin residens då Ferrara, hovudsetet til Este, fall til paven i 1598. Francesco I d'Este (1629-1658) bygde citadellet og starta bygginga av palasset, som stort sett vart gjort ferdig av Francesco II. På 1700-talet vart Rinaldo d'Este to gonger driven bort frå byen av franske invasjonar, og Francesco III bygde mange av Modena sine offentlege bygg. Bileta til Este vart seld og mange av dei enda opp i Dresden. Ercole III døydde i eksil i Treviso etter å ha avslått Napoleon sitt tilbod om kompensasjon for at Modena vart ein del av det napoleonske Den cispadanske republikken. Den einaste dottera hans, Maria Beatrice d'Este, gifta seg med Ferdinand av Austerrike, som til Maria Theresa, og i 1814 tok den eldste sonen deira, Frans IV, tilbake eigedomane til Este. Alt i 1816 tok han ned forsvarsverka, som kunne ha vorte brukt mot han, og starta Modena sine år under austerrikske styre. Styret hans var reaksjonært og tyrannisk og han nytta den austerrikske hæren til å slå ned eit opprør i 1830. Den like tyranniske sonen hans Frans V vart mellombels kasta ut frå Modena under den europeiske revolusjonen i 1848, men vart sett tilbake igjen av austerrikske troppar. Ti år seinare, 20. august 1859, erklærte leiarane i Modena området deira som ein del av det samla Kongedømet Italia, ein avgjerd som vart stadfesta med ei folkeavstemming i 1860.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Modena
  Reiseguide for Modena frå Wikivoyage

Kjelder endre