Sauesaks
Ei sauesaks er ei saks for å klippe ulla av sauer.
Sauesakser har om lag 10 cm lange knivblad, og dei vert laga av to stykke fjørande stål. Stykka er skrudde fast i kvarandre, og fjøringa gjer at knivane opnar seg når sauklipparen opnar handa.
I moderne landbruk er sauesaksa avløyst av elektriske klippemaskinar.