Opna hovudmenyen

Saul Perlmutter

amerikansk fysikar

Saul Perlmutter (fødd 22. september 1959) i Campaign County i Illinois er ein amerikansk astrofysikar ved Lawrence Berkeley National Laboratory. Han er kjend for å ha leia Supernova Cosmology Project, eitt av de to forskarlaga som i 1998 samtidig fann belegg for at ekspansjonen til universet synes å akselerere.[1] Denne oppdaginga gav opphav til hypotesen om mørk energi. I 2011 vart Perlmutter tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av akselerasjonen til det ekspanderande universet gjennom observasjonar av fjerne supernovaer.[2] Perlmutter vart tildelt halvparten av prisen, medan Adam Riess og Brian Schmidt delte den andre halvparten. Perlmutter studerte ved Harvard University der han avla eksamen i 1981. Han har ein filosofisk doktorgrad frå University of California (1986) og er medlem i American Academy of Arts and Sciences.

Saul Perlmutter
Nobel Prize 2011-Press Conference KVA-DSC 7744.jpg
Fødd22. september 1959
Champaign
NasjonalitetUSA
Områdeastrofysikk
Yrkefysikar, astronom, professor, astrofysikar
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
Alma materHarvard University
University of California, Berkeley
Germantown Friends School
DoktorgradsrettleiarRichard A. Muller
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Astronomical Society
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society

KjelderEndra

  1. S. Perlmutter et al. (The Supernova Cosmology Project) (1999). «Measurements of Omega and Lambda from 42 high redshift supernovae» (subscription required). Astrophysical J. (517): 565–86. doi:10.1086/307221. 
  2. http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/physics/laureates/2011/press.html