Brian P. Schmidt
Brian P. Schmidt (fødd 24. februar 1967) er ein australsk astrofysikar ved Mount Stromlo Observatory i Australia, kjend for forskinga si innan ekspansjonen til universet med hjelp av supernovaer. I 2011 vart Schmidt tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av akselerasjonen til det ekspanderande universet gjennom observasjonar av fjerne supernovaer.[1] Schmidt delte halvparten av prisen med Adam G. Riess, medan Saul Perlmutter vart tildelt den andre halvparten.
Saman med Adam Riess leia Schmidt High-z Supernova Search Team, den eine av de to forskargrupper som i 1998 samstundes oppdaga at ekspansjonen til universet akselererer.[2] Den oppdaginga gav opphav til hypotesen om mørk energi og oppdaginga vart utnemnd til «Breakthrough of the Year» av tidsskriftet Science 1998.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brian P. Schmidt» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/physics/laureates/2011/press.html
- ↑ {{Kjelde artikkel |forfattar = Adam G. Riess et al. ([[Supernova Search Team|}}|utgivelsesdato = 1998|tittel = Observational evidence from supernovae for an accelerating universe and a cosmological constant|publikasjon = Astronomical J.|nummer= 116|side = 1009–38|url = http://www.arxiv.org/abs/astro-ph/9805201%7Cdoi[daud lenkje] = 10.1086/300499}}