Sauland stavkyrkje

tidl. stavkyrkje i Hjartdal

Sauland stavkyrkje stod, som dagens kyrkje, på grunn tilhøyrande prestegarden, som opphaveleg heitte Sauland.[1] På grunnlag av den bevarte portalen trur ein at kyrkja var frå 1200-talet. Soknet («Swidulandæ sokn») er nemnt i 1395[2] og kyrkja («kirkio vmbodh a Swidhulande») i 1470.[3] Jens Nilssøn fortel i sin visitasrapport frå 1595[4] at «Seudelandz kircke» er anneks til «Hierdall» (Hjartdal) og har gudsteneste annankvar sundag (kvar tredje om vintaren).

Akvarell av Sauland stavkyrkje måla av Joachim Frich. Biletet syner kyrkja utan 1700-talstilbygget i nord.

Ifølgje Lorentz Dietrichson målte skipet 21 alen x 18 alen (13 m x 11 m), noko som gjer kyrkja større enn hovudkyrkja i Hjartdal. Dietrichson viser til ein synfaringsrapport frå 1662 der det går fram at svillane ved altaret i koret er rotne. I 1668 var det framleis svalgangar rundt heile kyrkja, men då kyrkja vart riven, stod berre den på vestsida att. På slutten av 1700-talet fekk kyrkja eit lafta tilbygg på nordsida.[5] I 1840-åra var kyrkja i minste laget og nokså medteken. Det var snakk om vøling og utviding, men det endte opp med vedtak om ny kyrkje. Stavkyrkja vart riven i 1860, året etter at den nye kyrkja var teken i bruk. Interiøret i stavkyrkja er avbilda på eit måleri av Adolph Tidemand, «Gudstjeneste i en norsk landskirke».

Stavkyrkjeportal endre

Ein portal frå stavkyrkja er stilt ut i den permanente mellomalderutstillinga i Kulturhistorisk museum i Oslo. Portalen har drake- og rankeutskjeringar i Sogn-Valdres-tradisjonen, og det har vore spekulert i om det kan ha stått ein vestlandskunstnar bak.[6] Dietrichson seier om utskjeringane: «...de viser os det høieste høidepunkt, hvortil træskjærerornamentikken er drevet i vort land og synes at tilhøre den samme blomstring, som viser sig i Stedje og Aardals kirkes portaler omkring 1200.»

Andre gjenstandar frå stavkyrkja endre

Eit altarbilete frå 1810 er å finne i det søraustre hjørnet i dagens kyrkje.[7][8] Dei to kyrkjeklokkene frå stavkyrkja heng i tårnet.[9] Preikestolen står i kyrkjelydshuset.[7] Elles har ein m.a. teke vare på eit døypefontlokk, eit vigslevasskar, ein dørring og fragment av eit par hjulkrossar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. O. Rygh (1967). A. Kjær, red. Norske Gaardnavne : Oplysninger samlede til brug ved Matrikelens Revision. 7 : Bratsberg Amt. Oslo: Børsum. s. 308–310. 
  2. Diplomatarium Norvegicum X:89
  3. Diplomatarium Norvegicum IV:969
  4. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 395. 
  5. Arven nr. 5/2009, s. 2.
  6. Sjå t.d. Dietrichson, s. 352.
  7. 7,0 7,1 Arven nr. 5/2009, s. 3.
  8. Jf. bileteKyrkjesøk.
  9. Alf Henry Rasmussen (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 491. ISBN 82-7527-022-7.