Hjartdal kyrkje er ei krosskyrkje i Hjartdal kommune i Telemark.

Hjartdal kyrkje
kyrkje
Hjartdal kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Hjartdal
Fellesråd Hjartdal
Type Krosskyrkje
Arkitekt Havor Høgkasin e. Jarand Rønjom
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 12. juli 1812
 - Endringar 1888, 1940–41, 1962
Klokker 2: Ca. 1450 og 1924
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Preikestolaltar rekonstruert 1941
Døypefont 1826
Altartavle Bilete måla av Terje Grøstad 1962
Orgel J.E. Spigseth, 2000
Sitjeplassar 220
Kart
Hjartdal kyrkje
59°36′13″N 8°38′16″E / 59.603575°N 8.63784722°E / 59.603575; 8.63784722
Wikimedia Commons: Hjartdal kirke

Kyrkja vart oppført av byggmeister Halvor Høgkasin etter same skjema som tre kyrkjer teikna av Jarand Rønjom (Åmotsdal kyrkje, Vinje kyrkje og Rauland kyrkje). Som i dei andre kyrkjene er det kor med preikestolaltar i austre krossarm, slik at sjølve kyrkjerommet er T-forma. Kyrkja vart teken i bruk i 1809, men vart ikkje formelt innvigd før 12. juli 1812. Kyrkjerommet fekk eit nygotisk preg i 1888, men vart restaurert i 1940–41. Då vart mykje av det umåla inventaret rekonstruert. Kyrkja fekk altarbilete måla av Terje Grøstad samt nytt Snertingdal-harmonium til 150-årsjubileet i 1962. Det siste vart bytta ut med eit Spigseth-orgel i 2000.

Aust for kyrkja står eit kombinert bårehus og servicebygg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre