Scarpe er ei elv i regionen Nord-Pas-de-Calais i Frankrike, og ei av sideelvane til Schelde frå venstre. Elva er om lag 100 km lang, og om lag to tredjedelar av ho er kanalisert.

Scarpe
elv
Scarpes amont Arras.jpg
Scarpe ved Arras
Land Flag of France.svg Frankrike
Nedslagsfelt 1 322 km²
Lengd 102 km
Kjelde Pas-de-Calais
 - høgd 101 moh.
Munning Schelde

Scarpe
50°29′59″ N 3°26′49″ E
Wikimedia Commons: Scarpe

Scarpe har sitt utspring ved Berles-Monchel nær Aubigny-en-Artois. Ho renn gjennom byane Arras, Douai og Saint-Amand-les-Eaux. Elva munnar ut i Schelde ved Mortagne-du-Nord.

Elva og dalen hennar var ei viktig slagmark under den første verdskrigen.