Nord-Pas-de-Calais
Nord-Pas-de-Calais | |
![]() | |
Fakta | |
Hovudstad | Lille |
Regionspresident | Daniel Percheron |
Flatevidd | 12 414 km² |
Folketal | 4 043 000 (2006) Rangering 4 |
Folketettleik | 326 innb./km² |
Arrondissement | 13 |
Kantonar | 156 |
Kommunar | 1 546 |
Geografi | |
![]() |
Nord-Pas-de-Calais er ein tidlegare region i Frankrike. Han bestod av departementa Nord og Pas-de-Calais, og hadde grense til Belgia. I 2016 blei han del av Hauts-de-France.
Fram til slutten av 1900-talet vart både regionen og departementet kalla Nord. Regionen var ein gong ein del av Dei spanske nederlanda, innanfor Nederlanda, og vart ein del av Frankrike i 1713. Dei historiske provinsane som no er ein del av regionen var Artois og Flanders, namn som framleis vert nytta av innbyggjarane i dag.
Regionen hadde svært tett folkesetnad med om lag 4 millionar innbyggjarar, 7 % av den totale folkesetnaden i Frankrike. Dette gjorde Nord-Pas-de-Calais til den fjerde mest folkerike regionen i landet. 83 % av dei budde i urbane samfunn. Det administrative senteret i regionen var Lille.
ByarEndra
BakgrunnsstoffEndra
- Nord-Pas-de-Calais-regionen sin nettstad Arkivert 2017-09-17 ved Wayback Machine.