Schemenlaufen
Schemenlaufen («skuggeløpet») er det sentrale opptoget i karnevalet i Imst i Austerrike. Det finn stad kvart fjerde år og alltid på sundag før feitetorsdag, som er den siste torsdagen før fastelavn. Opptoget går føre seg frå tidleg om morgonen til nøyaktig klokka 18.00. Etter gamal tradisjon er det berre menn som deltek, men som også førestiller kvinnelege figurar. Kvinnene i Imst er ansvarlege for å lage draktene. Hovudfigurane opptrer i par; ein mann ber roterande klokker og ein annen større klokker som veg opptil 35 kilo.[1]
Schemenlaufen blei i 2012 ført opp på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv.[1]
Galleri
endre-
Schemenlaufen i ca. 1900.
-
Schemenlaufen i 2016.
-
Schemenlaufen i 2016.
-
Schemenlaufen i 2016.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «UNESCO – Schemenlaufen, the carnival of Imst, Austria». ich.unesco.org (på engelsk). Henta 22. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Schemenlaufen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. september 2023.