Schiehallion (skotsk-gælisk Sìdh Chailleann) er eit fjell i Perth and Kinross i Skottland. Schiehallion har eit rikt planteliv, interessante arkeologiske funn og er ein unik stad i vitskapshistoria etter eit eksperiment på 1700-talet for å «vege jorda».

Schiehallion
Munro, marilyn
Nordvestryggen på Schiehallion i april
Land  Skottland
Topp Perth and Kinross
 - høgd 1 083 moh.
 - Primærfaktor 718 m
Kart
Schiehallion
56°40′01″N 4°06′01″W / 56.666933°N 4.100229°W / 56.666933; -4.100229
Wikimedia Commons: Schiehallion

Schiehallion ligg mellom Loch Tay og Loch Tummel, 15 km nord for Aberfeldy i Perthshire.[1] Fjellet har ei høgd på 1083 meter over havet og er isolert frå andre fjell. Fjellet har ei nesten perfekt kjegleform sett frå vest.

Schiehallion vert stundom skildra som senteret i Skottland.

Sidan 1999 er austsida av fjellet eigd av selskapet John Muir Trust.

Schiehallion-eksperimentet endre

Schiehallion ligg fråskild frå andre fjellområde og har ein særs regelmessig form. Dette førte til at Charles Mason i 1774 valde dette fjellet som kandidat til eit eksperiment som for første gongen skulle fastlå ein verdi for den gjennomsnittlege tettleiken til jorda og dermed den samla massen.

Kjelder endre

  1. «Schiehallion». VisitScotland Perthshire. Henta 2. juli 2011. 

56°40′4″N 4°5′52″W / 56.66778°N 4.09778°W / 56.66778; -4.09778