Schokalsky Bay
Schokalsky Bay er den austlegaste bukta på Aleksanderøya i Antarktis, 17 km brei ved innløpet og 11 km lang. Ho ligg mellom Mount Calais og Cape Brown langs austkysten av Aleksanderøya og George VI isbrem i George VI Sound. Hamptonbreen kalvar store mengder is ut i bukta ved Schokalsky Bay. Isen er i stykke og ujamn, så bukta høver seg ikkje for slederuter inn mot Aleksanderøya. Bukta vart oppdaga frå avstand i 1909 og grovt kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot som, trudde det var eit sund og kalla det «Detroit Schokalsky» etter Julij M. Sjokalskij, ein russisk geograf, meteorolog og oseanograf. Charcot nytta skrivemåten Schokalsky som mannen sjølv nytta då han transkriberte namnet sitt. Kysten i nærleiken vart fotografert frå lufta og bukta vart grovt kartlagd i 1937 av British Graham Land Expedition, men Charcot sin «Detroit Schokalsky» vart ikkje identifisert. Landmålingar utført av Falkland Islands Dependencies Survey i 1948 identifiserte denne bukta som kjennemerket opphavleg namngjeve av Charcot.
Schokalsky Bay | |||
bukt | |||
Schokalsky Bay med kalvande isfjell frå Hamptonbreen.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 69°15′S 69°55′W / 69.250°S 69.917°W | ||
Lengd | 11 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Schokalsky Bay 69°15′00″S 69°55′00″W / 69.25°S 69.9167°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Schokalsky Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).