Schweizer Alpen-Club

Schweizer Alpen-Club (tysk, forkorta SAC) eller fransk Club Alpin Suisse, italiensk Club Alpino Svizzero og retoromansk Club Alpin Svizzer (forkorta CAS) er ein sveitsisk fjell- og klatreorganisasjon grunnlagd i Olten nord i Sveits i 1863.

Schweizer Alpen-Club

Typesveitsisk forening
Skipa1863
HovudkontorBern
VerkeområdeSveits
Nettstadwww.sac-cas.ch

Organisasjonen har rundt 135 000 medlemmer fordelt på 113 rimeleg sjølvstyrte underorganisasjonar (2012). Han har hovudkontor og informasjonssenter i den sveitsiske hovudstaden Bern.

SAC har vore medlem av den internasjonale klatreorganisasjonen UIAA sidan denne blei skipa i 1932.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre