59°55′26.112″N 10°44′18.186″E / 59.92392000°N 10.73838500°E / 59.92392000; 10.73838500

Schwensens gate går opp til høgre frå gata Dalsbergstien. Den raude teglsteinsbygningen oppe i gata er den tidlegare St. Hanshaugen skole.

Schwensens gate er ei stutt gate i stroket St. Hanshaugen i Oslo, som er stroket ikring parken St. Hanshaugen. Gata går mellom dei to gatene Dalsbergstien og Ullevålsveien, og fekk namnet i 1896 etter kjøpmannen Justus Heinrich Schwensen (1800–1870).

Langs gata er det bustadblokker, kyrkjelydshus og hovudtilkomsten til Markus kyrkje, som ligg på austsida av gata. Eit av husa, nr. 6, bygd i 1898 etter teikningar av arkitekt Ove Ekman, hysa fram til 1917 St. Hanshaugen skole, deretter kontorverksemder fram til det i 1997 vart ombygd til særeigne husvære. Vegdirektoratet (Statens vevesen) er mellom dei som ei tid har hatt kontor i denne gata, både i den gamle skulebygningen og i ein annan bygning som no er bustadshus.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Schwensens gate