Scintillasjon i astronomi
Scintillasjon er funklinga, tindringa eller blinkinga til stjernene, det vil seie raske fluktuasjonar i lysstyrke. Svake stjerner kan vekselvis forsvinne og kome til syne. Scintillasjon skuldast turbulens i jordatmosfæren nær overflata. Strøymingar mellom luftlag med forskjellig temperatur og vassdampinnhald skapar varierande irregulæritetar i tettleikenav den lufta som stjernelyset passerer, og dette fører til variabel refraksjon og interferens av lyset. Sett i kikkert under stor lufturo vil ei stjerne vise vibrerande rørsle. For lyssterke stjerner som står nær horisonten (der scintillasjonen er størst), opptrer òg fargeveksling. Dei store planetane, som ein i kikkert kan sjå som skiver, tindrar lite eller ikkje i det heile tatt. Kvart enkelt punkt på planetskiva vil rettnok vise scintillasjon, men for skiva som heilskap vil verknaden kompenserast. På planetbilete (observert eller fotografert) vil verknaden derimot gjere seg gjeldende, sidan finare detaljar vert viska ut.
Kjelder
endre- «Scintillasjon: astronomi», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 13. august 2014