Eit scintillometer er eit vitskapleg apparat som vert brukt til å måle optiske forstyrringar i atmosfæren kalla funkling eller scintillasjon. Årsaka til desse scintillasjonane er små svingingar i brytingsindeksen til luft. [1] Arkivert 2006-06-29 ved Wayback Machine. Lufta sin brytingsindeks vert påverka av temperatur, fukt og trykk. Apparatet kan dermed måle varmeoverføringa mellom jordoverflata og lufta over, som vert kalla «kjensleg varmefluks»[2] Arkivert 2004-06-28 ved Wayback Machine.. Apparatet kan òg brukast til å oppdage klarluftturbulens, som elles ikkje er mogeleg å oppdage før ein kjem ut for det.

Scintillometer
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.