Opna hovudmenyen

Sde Nahum (hebraisk שְׂדֵה נַחוּם, lit. Nahumsletta) er ein kibbutz i Beit She'an-dalen nord i Israel. Han ligg kring 4 km nordvest for Beit She'an og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune. i 2005 hadde kibbutzen eit folketal på kring 550 innbyggjarar fordelt på 50 familiar.

Sde Nahum
kibbutz
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Beit She'an-dalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune
Koordinatar 32°31′31.08″N 35°28′54.47″E
Grunnlagd 5. januar 1937
 - Grunnlagd av Sadeh-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sde Nahum
Nettstad: http://www.sde-nahum.org.il

HistorieEndra

Kibbutzen vart grunnlagd 5. januar 1937 av medlemmar frå Sadeh-gruppa frå Mikveh Israel jordbruksskule, i tillegg til emigrantar frå Austerrike, Tyskland og Polen. Det var den tredje kibbutzen som vart oppretta som ei tårn og palisade-busetjing. Opphavleg vart han kalla kibbutz HaSadeh, men vart seinare kalla opp etter Nahum Sokolov, ein sionist-forfattar.

Ein har funne ruinar av ei bysantinsk kyrkje frå 400- til 500-talet i kibbutzen.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra