Sde Trumot
Sde Trumot (hebraisk שְׂדֵי תְרוּמוֹת) er ein moshav i Beit She'an-dalen nord i Israel. Han ligg kring 7 km sør for Beit She'an og hovudveg 90 passerer gjennom. Han ligg i Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.
Sde Trumot | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune | ||
Koordinatar | 32°26′24.71″N 35°29′9.59″E / 32.4401972°N 35.4859972°E | ||
Folketal | 433 (2015) | ||
Sde Trumot 32°26′25″N 35°29′10″E / 32.440197222222°N 35.485997222222°E | |||
Kart som viser Sde Trumot.
| |||
Wikimedia Commons: Sdei Trumot |
Han vart grunnlagd i 1951 av jødiske emigrantar til Israel frå Irak og Kurdistan som ein del av rørsla Hapoel Hamizrachi.
Namnet «Sde Trumot» er basert på klaginga til David for Saul og Jonathan som vart drepne i ein krig mot filistrane på det nærliggande Gilboafjellet. Klaginga er nedskrive i det første kapittelet av 2. Samuelsbok. Orda «Sde Trumot» tyder «offermarkene».
Moshaven er ein av fire moshavar i «Bikurah»-blokka. Dei andre er Revaya, Rechov og Tel Teomim, som alle ligg i nærleiken.
Dei første innbyggjarar arbeidde med jordbruk og kvegdrift. I dag driv somme av dei moderne jordbruk med drivhus og andre teknologiar.
Den 19. juni 2003 førte eit sjølvmordsåtak i moshaven til at butikkeigaren Avner Mordechai vart drepen.[treng kjelde]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sde Trumot» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: